OPPDATERING! Leo kom heim att tysdag 10. juni.
Leo bur på Frøland og forsvann frå heimen sin i mai.
– Han har aldri vore vekke så lenge. Han er sakna, fortel Jeanette.
Katten er oransje, med kvit pels på magen. Han er ein stor katt på rundt fem kilo. Han har ID-merke i øyra og er chippa.
– Han er veldig uredd og kosete. Og han er eit matvrak.
Jeanette og familen har hatt Leo sidan februar i fjor.
Familien har leita både med sykkel, bil og til fots.
– Borna har òg vore ute og ropt og leita. Kvar gong me ser ein oransje katt stoppar me og sjekkar, fortel ho.
For nokre år sidan hadde familen ein annan katt som forsvann. Så, etter over fire månader kom han tilbake, til alle si store glede.
– Leo er trygg og uredd. Eg håpar han er heime hos nokon no, og at han ikkje er påkøyrd.
Viss nokon har sett Leo, ønsker Jeanette at dei plukkar opp telefonen.
– Ring meg!