BUHILDEREN. Matpause ved turmålet – her kan me sjå restar etter gamal aktivitet i fjellet.
BUHILDEREN. Matpause ved turmålet – her kan me sjå restar etter gamal aktivitet i fjellet. FOTO: Helge S. Titland

Fjelltur med historisk sus

Søndag 4. mai var ein dag som absolutt innbaud til å ta på tursko for å oppsøkja naturen, og det var nett det me gjorde denne fine vårdagen. 

Visste du at det finst historiske driftevegar gjennom kommunen vår som har eksistert i fleire hundre år før motorferdsle og jernbane overtok vare- og persontransporten? Og visste du at nokon brukar store delar av livet sitt for å finna spor av dette nettverket av ferdselsårene frå Voss til Bergen? 

PRIMUS MOTOR. Helge Stumpf Titland fortalde og viste undervegs på turen. FOTO: Magda Haugen

Helge Stumpf Titland er ein av desse personane som har lagt ned hundrevis av timar i skog, fjell og mark for å dokumentera drifte- og ferdselsårer. Han fortel:
– Eg trur eg kan seia at eg har gått ca 400 kilometer i dette registreringsarbeidet, truleg meir. Arbeidet med registrering av driftevegane starta eigentleg som ei forlenging av arbeidet eg gjorde med  registrering av Byvegane til Bergen som eg heldt på med i 2018/19. Vegen over Gullfjellet er ein del av Byvegane. Arbeidet med registrering av driftevegane har eg halde på med i ca 3 år. 

Turgalen og historieinteressert.
Titland fortel og at han driv med registrering av kulturminne, mest i høgfjellet i Vestland fylke. – Dette har eg halde på med i meir enn 30 år. 

Ein søndag i byrjinga av mai inviterte han til fellestur til Buhilderen for å visa fram noko av den gamle ferdselsvegen og å fortelja om arbeidet sitt med å dokumentera funna sine. 

– Nokon kallar meg for både turgalen og steingalen, seier Helge S. Titland.  

– Eg er veldig glad i naturen og spesielt oppteken av stein og å gå på tur. Dette å vera steingalen heng og saman med at eg registrerte kvernsteinsbrot Saltdal i Nordland for mange år attende. I tillegg har eg ei sterk interesse for historie. Denne kombinasjonen har gjort at dette med å dokumentera ferdselsvegane i nærområda våre har vorte viktig for meg. 

Historisk hefte
Med økonomisk støtte frå i Riksantikvaren gjennom Fylkeskommunen i høve «Tilskot til lokale historiske ferdsleårer, Frivillighetens år 2022», og Norsk Vegmuseum (Statens vegvesen) gav Titland i samarbeid med Anita Vik og Bjørn Bruvik ut heftet «Den historiske drifte-og ferdselsvegen mellom Voss og Bergen». Publikasjonen kom ut i 2022 og inneheld ei skildring med kart og bilete frå 11 etappar på strekninga. 3 av desse etappane ligg i Samnanger kommune 

I heftet er det gjort greie for bakgrunnen for at desse fedriftene kom i stand: «Ein meiner at tradisjonen med fedrifter frå Voss til Bergen går langt attende i tid. I eit diplom frå 1329 vart det mellom andre varer også kvittert for levering av «levande naut» frå Voss til kongsgarden i Bjørgvin». 

HISTORIEINTERRESERT MEDFORFATTAR. Anita Vik frå Stamnes har funne ei lita tuft like ved Buhilderen som ho og Helge S. Titland tok seg tid til å registrera. FOTO: Helge S. Titland

Anita Vik fortalde på turen:
– Dei såkalla «Fjellmannane» var menn som kvart år samla fe med seg frå Voss og andre stadar på vegen til Bergen. Dei starta på Voss rundt jonsoktider og det at dei var framme til garden Haukeland i Bergen (der sjukehuset no ligg) til Mikkelsmesse 29 september for å delta i marknaden som årleg vart arrangert der. Det kunne vera så mykje som 700 dyr i ei slik drift. Kjøtet måtte gå på eigne bein når det ikkje fanst andre måtar å koma fram på. 

Dette og mykje meir kan du lesa om i heftet. 

Buhilderen
Turen starta ved Gjenbruksstasjonen på Raunekleiva og gjekk til Raudvatnet. Me følgde vidare stien på austsida av Raudvatnet mot Fitjavatnet. For å koma i le for den kalde vinden, tok me matpausen vår under Buhilderen. Her er det restar etter mykje menneskeleg aktivitet, og Helge Titland og Anita Vik fortalde om desse funna. 

– Denne staden har vore brukt sidan eldre jarnalder, og det er gjort funn av spannforma keramikk og brende bein i kulturlaga. Den svære hilderen er ein naturleg og sentral kvile- og overnattingsstad med murar og grøne grasbakkar utanfor til beite. 

RAUDVATNET. Turfølgjet valde den merka stien som fører mot Fitjavatnet.

Namnebruk set spor
For å finna spor etter driftevegane er namnebruken til god hjelp. Me siterer frå det omtala heftet: «Eksempel på slik namnebruk er Vossavardane ved Gullfjellet, Vossatjørna i Hisdalen, Vossaskora og Buhilderen i Nordvikamarka, Austmannabotn i Vaksdalsfjella, Fjellmannaøyane i Bergsdalen og Dryftahaugen ved Liastølen.» 

På turen vår til Buhilderen fekk me og fleire eksempel på slike namn som indikerer at det har vore ein drifteveg her. Titland viste og fortalde om korleis dei store driftene tok seg fram i terrenget. Mellom anna fortalde han om Vossaskora, Vossatjørnane, Drøftevegstjørna og Drøftavegskaret. 

Driftevegen vidare
Då me var komne vel gjennom Vossaskora, gjekk turen vidare slik at me kom inn på stien til/frå Raudvatnet att. Driftevegen held fram herifrå til Hisdal og vidare til Gullbotn og over Gullfjellet.

Dersom du ynskjer å lesa meir om denne historia, kan du kjøpa heftet «Den historiske drifte- og ferdselsvegen mellom Voss og Bergen» ved å kontakta Helge S. Titland.