– Me skal markera at det er 50 år sidan Urd ungdomslag starta opp att i 1975. I tillegg har me fokus på at det er 80 år sidan krigen slutta, og 130 år sidan skulebygget stod ferdig, fortel Sølvi Ann Bogevik i ungdomslaget.
– I den gamle skulestova har Samnanger historielag laga ei eiga utstilling med gamle bilete frå Rolvsvåg, som me håpar at mange vil koma og sjå.
Under arrangementet på laurdag vert det også foredrag av Mats Hjelle.
– Eg reknar med at han mellom anna kjem til å snakka om Botnahytta, og kva rolle ho spelte som skjulestad under krigen, seier Bogevik, som håpar på godt frammøte sjølv om det også skjer mykje anna i Samnanger denne helga.