1. mai – arbeidarane sin internasjonale kampdag:

Gratulerer med dagen! 

1.mai er arbeidarrørsla sin internasjonale kampdag. Ein dag for å feire kampane me har vunne, for å markera kampane som står att og for å stå saman i solidaritet med kvarandre og med arbeidsfolk over heile verda.

Årets markering er viktigare enn på lenge. Internasjonalt ser me urovekkande døme på at folk med makt og pengar vil byggje ned rettar som er kjempa fram gjennom generasjonar. Som vil byggje ned institusjonar og tenester som skal syte for at samfunnet fungerer for dei mange, ikkje berre for dei få. Her heime står mykje på spel framfor haustens stortingsval. FrP og Høgre går til val på kutt i velferda og svekking av det organiserte arbeidslivet.

Heilt nyleg kunne me også lesa om oppfordringar til folk om å melde seg ut av LO.
Kvifor? Jo, fordi LO og Arbeiderpartiet er så sterkt knytte saman.
Det er heilt riktig! Og det er det ein del på borgarleg side som ikkje likar. Arbeidarpartiet kjem heilt konkret og direkte frå arbeidarrørsla og LO, nettopp for å flytte makt frå dei få privilegerte til dei mange vanlege arbeidsfolka og gje dei ein sjølvsagt plass ved bordet. Folk sine arbeidsvilkår er grunnen til at me er her, og er grunnmuren som i tiår har bygd politikken der vår felles velferd er i høgsetet.

VIKTIG KAMP:: Shirin Kvernes Khadoor (Ap) meiner arbeidarane framleis har mykje å kjempa for. FOTO: Arkiv

Med Arbeiderpartiet i regjering har me fått ei storopprydning i norsk arbeidsliv.
Arbeiderpartiet har styrka arbeidsmiljølova, fjerna den generelle tilgangen til mellombels tilsetting, styrka retten til heiltid, stramma inn på innleige, rydda opp i drosjenæringa, dobla fagforeiningsfrådraget og fremja forslag om lik lønn i norske farvatn for sjøfolk, og meir til.
Dette er tiltak som gjer kvardagen til arbeidsfolk betre. Diverre er FrP og Høgre imot alle desse tiltaka. Og skulle Sylvi Listhaug bli statsminister til hausten vil utryggheita auke og rettigheitene til arbeidsfolk bli svekka.

Dette fekk me allereie ein liten smakebit av i fjor, då sterke krefter på høgresida tok til orde for å kutte i den lovfesta sjukelønna, noko som vil føra til auka forskjellar og ei todeling av arbeidslivet. For om du er høgt utdanna, har ei løn over snittet, jobbar på kontor, eller i det offentlege, og du gjerne har ein slik jobb som gjer at du kan ha fleksibel arbeidstid, då har du lite å uroe deg for. I tillegg er du sannsynlegvis sikra gjennom ein god tariffavtale, heilt uavhengig av sjukelønnsordninga.

Er du lågtlønna og jobbar til dømes innanfor hotell og restaurant, frisørnæringa, varehandel – eller har ein annan vanleg jobb «på golvet» som krev at du må møte fysisk på arbeidsplassen, då er det brått litt verre.

Før sjukelønnsordninga vart vedteken i 1977, var det nemleg slik: Mange hadde alt sikra seg gode ordningar, medan vanlege arbeidsfolk måtte finne seg i tre karensdagar utan lønn dersom dei vart sjuke eller hadde sjuke born. Sjukelønnsordninga sytte for å likestille dei ulike yrkesgruppene, og gav like vilkår for dei med meir lukrative jobbar og dei på golvet.

Høgresida meiner altså at det bør koste pengar for den enkelte arbeidstakar å vere vekke frå jobb om du er sjuk. Kva tankegang er det som ligg bak ein slik ide om at berre det straffar seg nok økonomisk, så vil frisøren, anleggsarbeidaren, servitøren eller hjelpepleiaren vera mindre sjuk og vekke frå arbeid? Medan dei som har jobbane som er minst fysisk krevjande, er best betalte og har meir fleksible ordningar  ikkje vil merka nokon forskjell, vil slitarane få det stadig tøffare.
Dette er jobbar samfunnet har behov for, men stadig færre – av opplagte grunnar – vil ha.

I staden for å gjere noko med dei underliggande årsakene til eit høgt sjukefråvær eller å jobbe for gode vilkår for både arbeidstakar og arbeidsgjevar, vil høgresida løyse dette ved å legge børa på dei som allereie ber tyngst. Dei som treng tryggleiken i sjukelønnsordninga aller mest, skal heller straffast for uhelse.

Samstundes vil den same høgresida kutte 34 milliardar i formueskatten til landets rikaste.
Dei med minst privilegiar og  minst rikdom skal bli motiverte av å bli fråtekne goder og pengar.
Dei med mest privilegier og mest rikdom skal motiverast av å få fleire goder og meir pengar.
Det er det som er tankegangen. Ein slik logikk heng ikkje på greip.

Arbeiderpartiet skal vere garantisten for sjukelønna. Me skal halde fram å styrkje arbeidsfolk sine rettar. Arbeid til alle er – og held fram å vera –  jobb nummer ein, og me går til val på å få 150.000 fleire i jobb innan 2030. Høg sysselsetting og låg ledigheit er sjølve nøkkelen til det samfunnet me ønskjer oss. Eit samfunn med små forskjellar mellom folk og ein velferdsstat som stiller opp for oss når me treng det.
Dette kjem ikkje av seg sjølv. Eit velorganisert arbeidsliv – leia av ei sterk arbeidarrørsle – har teke oss dit.