VELKOMEN: Slik kan dei nye velkomstskilta sjå ut. Men dei kan ikkje plasserast ved kommunegrensa, slik politikarane i utgangspunktet vedtok.
VELKOMEN: Slik kan dei nye velkomstskilta sjå ut. Men dei kan ikkje plasserast ved kommunegrensa, slik politikarane i utgangspunktet vedtok. FOTO: Skisse Samnanger kommune

Vil ønskja bilistane velkomne med nye skilt

Skilta er designa, men kvar skal dei stå? Etablering av «velkomen til Samnanger»-skilt står på sakslista til formannskapsmøtet i dag.

Med mål om å gjera kommunen meir synleg og skapa ei tydeleg velkomstkjensle for trafikantane, har kommunen vedteke at det skal setjast opp skilt med teksten «Velkomen til Samnanger» ved kommunegrensene i Eikedalen og på Gullbotn. No har det vist seg at skilta fell inn under definisjonen reklameskilt grunna utforminga og innhaldet. Desse er det ikkje lov å setja opp på offentleg veg ved fylkes- eller kommunegrenser.

MÅ VELJA: Næringsutviklar Joachim Mathisen påpeikar at politikarane må vurdera kva dei synest er viktigast når dei nye skilta skal plasserats: synlegheit eller symbolverdi. FOTO: Arkiv

Synlegheit eller symbolverdi?
I saksframlegget til formannskapet opplyser næringsutviklar Joachim Mathisen at ei mogleg løysing kan vera å flytta skilta til ein stad der dei ikkje blir regulerte av reglane i skiltlova. Det kan til dømes vera nærare tettstadane, eller ved innfartsvegar der skilta ikkje står i direkte tilknyting til kommunegrensa.

Dette kan gjera skilta meir synlege og bidra til å styrka kommunen sin visuelle identitet, men vil ikkje gje same symbolske effekt som eit velkomstskilt ved kommunegrensa. Ein må difor ta ei avveging mellom synlegheit og symbolverdi ved val av ny lokasjon, påpeikar sakshandsamaren.

Ønskjer færrast mogleg skilt
I tilbakemeldingane frå fylkeskommunen blir det peika på at dei har som prinsipp å skilta så lite som mogleg, men så mykje som nødvendig. Dette gjeld også reklame. «Me set trafikktryggleik høgt når me vurderer, og me meiner at eit vegnett med mange skilt og reklame blir uoversiktleg og trafikkfarleg både for vegfarande og mjuke trafikantar», skriv dei.

Vidare minner dei om at sjølv om ein kommune i eit anna fylke har fått løyve til å setja opp ein reklameinstallasjon av liknande type som Samanger vurderer, betyr ikkje det at Vestland fylkeskommune ønskjer dette langs fylkesvegane.

Meir midlar
Rådmannen rår til å flytta dei planlagde skilta til ei ny plassering der dei ikkje er underlagde reglane i skiltlova som gjeld fylkes- og kommunegrenseskilt, men kan etablerast som reklameskilt og i samsvar med reglane for dette. Det vil sikra at skilta kan stå i tråd med gjeldande regelverk, samtidig som dei gjev ein tydeleg velkomst til kommunen.

I utgangspunktet løyvde politikarane 50.000 kroner til skiltinga. Rådmannen rår no til å auka budsjettramma til inntil 200.000 kroner med finansiering frå kommunen sitt utviklings- og innovasjonsfond.