– Kan eg ha sovna? Eg forstår det ikkje, sa den tiltalte ifølgje Bergens Tidende (BT) i rettssalen.
25. juli i fjor rykte politiet ut til ei ulukke ved Nordbygda grendahus. Ein mann og ei kvinne sat på ein motorsykkel som stod i ro i busslomma. Så blei dei påkøyrde bakfrå.
Sist veke forklarte partane seg i Hordaland tingrett.
Hugsar ikkje hendinga
Sjåføren er ein mann i 20-åra. Han er tiltala for brot på vegtrafikklova, paragraf 3. Under rettssaka nekta han straffskuld.
Han var på veg heim frå jobb og forklarer at han var sliten. Mannen hugsar å ha køyrt forbi busstoppet på Bjørkheim. Så blir det svart. Han hugsar ikkje meir før han trefte motorsykkelen og frontruta hans knuste. Det er rundt ein halv kilometer mellom busstoppet på Bjørkheim og ved Nordbygda grendahus.
Mannen og kvinna som blei påkøyrde var vakne og blei sende til sjukehus.
– Eg trudde først at motorsykkelen eksploderte, sa den fornærma mannen i retten, ifølgje BT.
Politiet beslagla førarkortet til bilsjåføren.
Ventar på dommen
Aktor Karoline Sandvenom bad om 16 dagar betinga fengsel og 14.000 kroner i bot til den unge sjåføren.
Bistandsadvokaten til dei fornærma ba om at tiltalte skal betala 100.000 kroner i oppreising til kvar av dei fornærma. Begge skal ha vore sjukemelde i periodar etter ulukka.
Forsvarar ba om at mannen i 20-åra skal frifinnast, og dømmast på mildaste måte.
Dommen er enno ikkje klar.