Nedgang i lese- og rekneferdigheitene

Resultata frå dei nasjonale prøvane 2024 blei presenterte for OHO-utvalet denne veka. Dei viser at elevane, både på nasjonalt og lokalt nivå, presterer litt svakare i lesing og rekning, og litt betre i engelsk enn i fjor.

Samnanger følgjer same trenden som landet sett under eitt, og resultata viser at gutane presterer betre enn jentene i engelsk og rekning, mens i lesing er det motsett.

Fleire slit med å lesa
Kjønnsskilnaden aukar mest og er størst i rekning. Det er no dobbelt så mange gutar som jenter som presterer på det høgaste meistringsnivået.

Samla sett har tal elevar som presterer på det lågaste meistringsnivået i lesing auka med nær fem prosent på nasjonalt nivå sidan trendmålinga starta på nytt i 2022. Det tilsvarar 2600 fleire elevar på lågaste meistringsnivå. Det har også blitt færre elevar som presterer på høgaste meistringsnivå i lesing.

KORLEIS BLI BETRE? Oppvekstleiar Irene Ullensvang vil følgja opp resultata frå dei nasjonale prøvane med barneskulen og ungdomsskulen. FOTO: Arkiv

Vegen vidare
For å få fullt utbytte av kunnskapsgrunnlaget som resultata frå nasjonale prøvar gjev, vil både skuleeigar og skulane stilla spørsmål rundt resultata for å prøva å finna ut av kvifor dei er som dei er, og korleis dei kan følgjast opp.

Som ledd i ein analyse av resultata kan det mellom anna vera nyttig å skaffa seg ei oversikt over kva endringar dei kan henga saman med, til dømes sjå på kva tiltak skulane har sett i verk eller kva dei har jobba meir eller mindre med, påpeikar kommunalsjef oppvekst, Irene Ullensvang, i sakspapira til OHO-utvalet.

Ho vil ta initiativ til analyse, drøfting og oppfølging av resultata på den einskilde skulen.

Nasjonale prøver

  • Nasjonale prøver i lesing, rekning og lesing på engelsk blir gjennomført kvar haust blant alle elevar på 5. og 8. trinn.
  • I lesing og rekning blir det også gjennomført nasjonale prøver på 9. trinn.
  • Prøvene målar delar av elevane sine grunnleggande ferdigheiter i faga.
  • Føremålet er å gje informasjon til elevar, lærarar, skuleleiing, føresette, skuleeigar og myndigheiter som eit grunnlag for forbetrings- og utviklingsarbeid.