Førre onsdag heldt Nordbygda ungdomslag (NUL) ekstraordinært medlemsmøte. På dagsorden stod spørsmålet om laget skal samarbeida med kommunen om ei mogleg utviding av enten grendahuset eller Nordborg, dei to forsamlingshusa laget eig. Forslaget har over lengre tid vore lufta blant lokalpolitikarane. I økonomiplanen er det sett av åtte millionar kroner til prosjektet «inkluderande fritidstilbod». Der skal ein prøva å finna eit lokale ungdom kan nytta på fritida.
Peikar på Nordborg
Rundt tjue personar stilte på møtet i Nordbygda ungdomslag, opplyser leiar Anita Langhelle.
– Men me sakna litt meir ungdom, legg ho til.
Dei frammøtte skal ha vore positive til eit samarbeid med kommunen. Det vart drøfta alternativ for begge forsamlingshusa til NUL.
– Me i styret ser flest moglegheiter for Nordborg. Førebels er det lettare å få til noko der. Me ønskjer jo å få i gang noko litt fort. Me har drøfta å utvida forsamlingshuset på nordsida for å få lagringsplass for diverse utstyr.
Samningen skreiv førre veke om at ungdomsrådet, i samarbeid med ordføraren, vil starta opp ein midlertidig pop up-klubb for ungdom i Nordborg.
– Det kan vera vanskelegare å få til noko i grendahuset i første omgang. Der har me allereie mykje aktivitet og utleige som skal halda fram, og me må kunna drifta huset vidare.
«Storstove» i grendahuset?
På møtet var det også medlemmar som hadde idear for ungdomslaget sitt største hus, som ligg eit steinkast unna Nordborg.
– Dei ønskjer å få til eit større tilbod for innbyggjarar i alle aldrar der, forklarar leiaren i NUL.
Fleire lokalpolitikarar har tidlegare teke til orde for å gjera Nordbygda grendahus om til eit større forsamlingshus for heile kommunen.
– Det spørst kor mykje midlar som vert sette av til eit slikt prosjekt. Og kva pengane er øyremerka til. Det er ikkje heilt klart for oss enno. Me kan jo håpa at det kjem inn meir enn dei åtte millionane som ligg der no, for i hovudsak er det kommunen som må ta kostnaden, reflekterer Langhelle.
– Eit anna spørsmål er kva ein ser for seg av aktivitetar her. Om det skal føregå ting fleire gonger i veka etter skuleslutt og på kveldstid, har me ikkje nok frivillige hos oss til å halda det gåande. Men ein fritidsklubb som er open ein dag i veka, eller annakvar veke, kan gå.
Ungdomslagsleiaren understrekar at NUL framleis vil ha eigarskap til forsamlingshusa.
– Medlemmane våre har vore opptekne av at det er me som skal eiga dei. Difor vil me snu kvar stein før me eventuelt inngår ein avtale.
Held fram dialogen
Nordbygda ungdomslag har konkludert med å gå vidare med prosjektet.
– Det er no husnemnda vår, med Tone Tysseland Holmefjord i spissen, som tek over dialogen med kommunen. Dei vil etter kvart oppdatera styret. Me vil også få med ungdomsrådet og elevrådet i nemnda som skal jobba med dette, slik at dei kan koma med innspel, fortel Langhelle.
– Dette kan verta eit spennande prosjekt for heile bygda, meiner ungdomslagsleiaren.
Under OHO-møtet på tysdag orienterte einingsleiar for kultur, Meline Heimdal Haugland, dei folkevalde:
– Me var med på medlemsmøtet i Nordbygda ungdomslag førre veke og har god dialog med dei. Me er einige om å gå vidare og undersøkja alternative løysingar i begge husa. Me tenkjer også å ha ei enkel spørjeundersøking om prosjektet for 7.-10. klasse. Målet er å leggja fram sak med vidare tilråding i juni.