MDG vil framstilla det som om FrP ikkje har eit konkret program for utvikling. Det er feil. FrP i Samnanger står tydeleg for: Ja til utvikling, nei til stillstand. Me meiner at Samnanger må leggja til rette for næringsutvikling, arbeidsplassar og eit aktivt lokalsamfunn – ikkje stoppa all utbygging av omsyn til ein ideologi som ikkje tek innbyggjarane sine behov på alvor.
Trygg infrastruktur og gode tilbod: FrP ønskjer betre tilrettelegging for næringsareal, trafikksikringstiltak og aktivitetstilbod for folk i alle aldrar. MDG nemner sjølv behovet for næringsareal, men seier samtidig nei til konkrete utbyggingsprosjekt som kunne ha skapt arbeidsplassar.
Ein politikk for heile Samnanger: Me meiner at omsynet til miljøet må vegast opp mot økonomisk vekst og innbyggjarane sine behov. Ja, naturen har ein eigenverdi, men det hjelper lite viss folk ikkje har jobbar å gå til eller tilbod som gjer kommunen attraktiv å bu i.
MDG føreslår kontorfellesskap i sentrale område for å redusera utpendling. Men kva hjelper det med eit kontorlandskap når folk treng reelle arbeidsplassar? Skal me lata som om folk flest i Samnanger har høve til å sitja på heimekontor eller starta opp småbedrifter frå eit felleskontor? Folk treng varige arbeidsplassar, ikkje symbolske løysingar som høyrest fine ut på papiret, men som i røynda ikkje skapar vekst.
FrP tek også vare på naturen og matjorda: MDG prøver å framstilla seg sjølve som dei einaste som bryr seg om naturvern. Men sanninga er at FrP òg er opptekne av å ta vare på både matjord og natur. Me meiner at utvikling og vern må gå hand i hand. Samnanger skal vera ein kommune der me både skapar arbeidsplassar og tek vare på ressursane me har.
Me er imot unødvendig nedbygging av dyrkbar mark, og me meiner at naturen skal brukast på ein måte som sikrar både friluftsliv og berekraftig forvaltning. Me ønskjer ikkje eit Samnanger der all utvikling blir stoppa av frykt for endring – me ønskjer eit Samnanger der både folk og natur kan leva godt saman.
MDG påstår at dei har konkrete løysingar, men politikken deira fører til stillstand. Dei snakkar varmt om å ta vare på naturen, men kva hjelper det viss kommunen døyr?
FrP ønskjer vekst og utvikling. Me står for handling, ikkje tome ord.