KLAR FOR NYE UTFORDRINGAR: Thomas Hellevang stiller på lister i fleire valkrinsar for VIPartiet i år. – Det er viktig at småpartia har lister i alle fylke, elles vil dei ikkje overleva, trur Hellevang.
KLAR FOR NYE UTFORDRINGAR: Thomas Hellevang stiller på lister i fleire valkrinsar for VIPartiet i år. – Det er viktig at småpartia har lister i alle fylke, elles vil dei ikkje overleva, trur Hellevang. FOTO: Siri Ravn/Arkiv

Hellevang stiller som stortingskandidat i fleire fylke

Nyleg gjekk Thomas Hellevang ut av Industri- og næringspartiet (INP). No står han på lista for Velferd- og Innovasjonspartiet (VIPartiet), i heile sju valdistrikt. – Det er viktig å gje nye parti stemmer. No er det fleire små parti som står i fare for å forsvinna, meiner den engasjerte samningen. 

– Ting skjer ganske kjapt her. Eg visste ikkje at eg stod som nummer tre i Akershus før eg fekk e-post av bror min, fortel Hellevang. 

Til hausten er det val og 31. mars var ein viktig frist. Då måtte alle parti levera inn sine listeforslag. Men sjølv om Thomas Hellevang  sitt namn dukkar opp på lister rundt om i det ganske land, har han ikkje heilt tru på å bli stortingsrepresentant med det første. 

– Viss eg kjem inn på Stortinget, så må det vera eit under. Per i dag trur eg det er ein utopi, seier Hellevang. 

Vil stilla lister over alt 

VIPartiet heitte tidlegare Helsepartiet, men bytte namn i fjor haust. Hellevang blei medlem i VIPartiet like etter nyttår i år. 

– Eg sa ja til å stå på fleire lister, sånn at me skulle få til å stilla i alle fylke, fortel Hellevang. 

For å stilla på ei liste, må ein ikkje ha tilknytnad til fylket. Men det er krav om at listeforslaga skal signerast av to lokale forslagsstillerar. På listene til VIPartiet, er det fleire tidlegare INP-namn som går att. 

– VIPartiet har ikkje så mange medlemmar ennå. I Rogaland er det berre 2-3 medlemmar. Resten av namna på lista har eg og Joar Nesse (også tidlegare medlem i INP) fått tak i. 

Sjølv om Hellevang stiller til val mange stadar, ligg det ein djupare tanke bak éin av dei. Hellevang har kjærast i Rogaland, og har ein plan om å flytta nedover dit om nokre år. 

– Stenger døra for dei mindre 

Ein viktig grunn til at VIPartiet ville stilla lister i alle valkrinsar, er den nye vallova, som trødde i kraft i fjor.  

Tidlegare måtte eit nytt parti samla inn 500 underskrifter for å etablera seg i eit valdistrikt. No er det strengare krav for at parti som fekk mindre enn 5.000 stemmer ved førre stortingsval, eller splitter nye parti, skal få etablera seg. Viss dei vil stilla med liste til stortingsvalet, må listeforslaget vera underskrive av minst éin prosent av personane som hadde stemmerett i valdistriktet ved førre stortingsval 

Denne nye lova uroar Hellevang.  

– Dei etablerte partia stenger døra for dei mindre. Bokstaveleg tala, meiner han. 

I Hordaland valkrins var det 382.372 personar med stemmerett i 2021. For nye parti er det no eit krav om 3824 underskrifter for å stilla liste her, ifølgje Valgmedarbeiderportalen.  

Kom over grensa

For å kunna stilla til val i alle valkrinsane, må eit nytt eller lite parti samla inn 38.933 underskrifter til saman. Viss eit parti ikkje får 5.000 stemmer fordelt over heile landet, må dei repetera underskriftskampanjen éin gong til ved neste val. 

–  På grunn av dette er det viktig at småpartia har lister i alle fylke, elles vil dei ikkje overleva, trur Hellevang. 

I 2021 fekk dei 6490 stemmer nasjonalt, då under namnet Helsepartiet. 

Ventar på eit jordskjelv 

Dette er første gong Thomas Hellevang stiller til stortingsval. Tema han brenn for er mellom anna sjøfart, fiskeri, ole- og gassindustrien, eldreomsorg og at Nav-brukararar skal få koma inn éi dør og få hjelp.  

– Dei store forskjellane i landet vårt. Dei rike vert rikare og dei som har lite blir endå fattigare, meiner han. 

– Kva ambisjonar har du i politikken? 

– Eg vil løfta fram saker om helsevesenet. Og om EU og straum. Norge må produsera meir i eige land i, ikke berre kjøpa frå utlandet. Me må bli meir sjølforsynte. 

Men VIPartiet er framleis eit lite parti. 

– Me er eit parti som ikkje veldig mange veit om. Eg håpar at me kan få inn éin person på Stortinget i år. Men då må det eit jordskjelv i verdspolitikken og i norsk politikk til, meiner Hellevang. 

Eit jordskjelv i form av ein resesjon, trur han ikkje er usannsynleg. Hellevang er uroa over både høg inflasjon og tollkrig i tida framover.  

– Eg meiner det viktigaste politiske verkemiddelet mot inflasjon er billeg straum, både til private og til bedrifter. Utan dette har me snart ikkje noko industri att. Me må jo ha noko å leva av i framtida. 

Om Thomas Hellevang kjem inn på Stortinget, vil han i alle fall jobba for endring. 

– Eg meiner at me treng ein ny politisk kurs i Noreg, seier han klart. 

Thomas Hellevang byter parti

Her stiller Thomas Hellevang til val:

  • Rogaland, 1. plass 
  • Akershus, 3. plass
  • Vestfold, 4. plass 
  • Oslo, 4. plass 
  • Hordaland, 5. plass 
  • Nord-Trøndelag, 7. plass 
  • Buskerud, 7. plass