– Sjå her! Falden på gardina er her framleis, smiler Mariann og brettar opp den nedste delen på drakta si.
Denne vinteren har ho sete i kjellaren og sydd og sydd. Tatt opp igjen, og sydd på nytt.
– Det har vore ein del prøving og feiling. Perfekt er det nok ikkje, men til denne prisen er det heilt greitt å kunna læra undervegs. Hadde eg brukt stoff til tusen kroner meteren, ville det vore ei anna sak.

FESTFINT TIL LITEN OG STOR: Mariann Tallis Sandvik og barnebarnet Era Tallis i dei heimelaga festdraktene. FOTO: Marianne A. Reistad
Alle kan læra
Då det yngste barnebarnet hadde namnefest i mars, stilte farmor Mariann og storesøster Era (3) i matchande festdrakter. Dei to fekk mange kompliment, og då det viste seg at plagga var heimesydde, blei folk både overraska og imponerte.
– Mange kan nok tenkja seg å gjera noko slikt, men så lurer dei på korleis og føler at dei ikkje kan sy.
Men å sy klede er noko dei fleste kan få til om dei vil, meiner Mariann.
– Det ligg mange instruksjonsvideoar på YouTube. Og det er også sjølvhjelpsbøker med mønster å få kjøpt. Desse er gjerne ganske dyre, men det går òg an å bestilla dei på biblioteket.
Også for dei som ikkje veit opp-ned på ei symaskin, er det faktisk håp.
– Om ein ikkje kan sy på maskin, går det an å ta «symaskinsertifikat» på nett, og læra seg det mest grunnleggjande. Symaskiner er elles blitt mykje billigare enn dei var før.
Inspirert av norske designarar
Medan Mariann laga to festdrakter for under hundrelappen, må ein ut med rundt 35.000
kroner om ein skal kjøpa seg ei ny frå butikk.
– Og det er utan sølvet. Det fine med ei heimelaga drakt er at du kan hengja på deg det du vil. Eg har både søljer og ein keltisk knute på mi.
Inspirasjon har ho funne hos to norske designarar, Tove Fevang og Eva Lie. Sistnemnde er mellom anna kjent for dei fargerike fantasistakkane sine.
– Mønsteret til Era si drakt er frå Tove Fevang, og det er nok ho eg har vore mest inspirert av på akkurat dette prosjektet.
Arvegods og bruktfunn
Etter å ha funne ut korleis draktene skulle sjå ut, begynte Mariann å leita etter stoff.
Hos Annekset bruktbutikk på Bjørkheim fann ho dei blå fløyelsgardinene som sjølve
drakta er sydd av. Stoff til skjortene var meir krevjande.
– Det var vanskeleg å finna noko som passa til den «skittenblå» fargen på fløyelen.
Til slutt greidde ho å få tak i eit grønt og blankt stoff i ein annan bruktbutikk. Det var eigentleg litt stivt til å bruka som skjortestoff, men med skyljemiddel i vatnet under vask blei det mjukt og godt, også for ein treåring.
– Elles har eg brukt eit silkelaken eg har fått av mor mi som fôr i drakta eg har. Bandet nedst har eg kjøpt nytt i ein butikk i Danmark. Era si drakt har eit litt anna band nedst enn det eg har. Litt av vitsen med å sy sjølv er å bruka minst mogleg pengar, men av og til kjøper eg litt nytt. Ofte er det banda som er dyrast.
Lite pengar og kunnskap
Mariann, som er tidlegare lærar i grunnskulen, fortel at ho lærte å sy på maskin i sjuandeklasse.
– Då måtte me sy oss forkle som me skulle bruka i mat- og helsetimane. Året etter laga me slengbukser.
Skulen ho gjekk på i Bergen hadde store handarbeidssalar med cirka tjue symaskiner, éi til kvar elev. Dei hadde også eigne handarbeidslærarar som berre underviste i dette eine faget.
– No har dei to symaskiner på skulen, og dei er gjerne øydelagde. Eg vil påstå at det har gått nedover med handarbeidsfaget – det er lite både av pengar og kunnskap.
Eg fann, eg fann!
Med meir fokus på miljø og gjenbruk har mange begynt å interessera seg for redesign. Det har ført til at fleire bruktbutikkar har skrudd opp prisane, kommenterer Mariann. Sjølv reiser ho ofte til Danmark for å jakta på bruktskattar
– Eg synest det er veldig kjekt å gå rundt og sjå kva eg finn. Når eg ser noko fint, tenkjer eg at det kan eg sikkert få bruk for ein gong, og så kjøpar eg det med meg heim. Me har heldigvis eit stort hus med mykje plass.
Dei siste åra er det særleg barnebarna som har fått nyta godt av Mariann sine kreative evner. Både kjolar og skjørt, bukser og pyjamasar har ho sydd til dei, det aller meste av gjenbruksstoff.
– Det er alltid spennande å prøva seg på noko nytt. Er mønsteret bra? Vil eg få det til? Planen framover er å laga den ultimate festdrakta, både når det gjeld fargar og elles. Eg blir ofte inspirert av å sjå det andre lagar, til dømes det eg finn på Instagram. Elles kunne eg òg tenkt meg å laga eit forkle til drakta ein gong, det har eg ikkje gjort før.
Klar for å dyrka
– Er det noko som har vore ekstra utfordrande med å sy desse to festdraktene?
– Har du høyrt noko banning frå kjellaren denne vinteren, Ove? spør ho mannen sin.
Han ristar smilande på hovudet.
– Det har vore ein del tilpassing undervegs, både for små og store. Og dei små er jo ikkje så glade i å bli prøvd på stadig vekk. Elles blir eg litt lei etter kvart. Det er vinterarbeid dette, så no går eg over til å driva med planter, avsluttar Mariann som har garasjen stappfull av mjølkekartongar med frø i – og ein romsleg hage der både drivhus og pallekarmar står klare til å ta imot små grøne spirer.

STOFF MED MANGE LIV: Era i kjole som har vore både sengeteppe og gardin før farmor fann fram symaskina på nytt. FOTO: Privat

LØPAR FEKK NYTT LIV: Ein gamal løpar Mariann har arva av mor si blei til hue og kjole til vesle Era då ho var baby. FOTO: Privat

KLAR FOR BARNEHAGEN: Storebror Odin har fått heimesydd bukse og hue av farmor. FOTO: Privat