Til det er det generelt å seia at alle partia i kommunestyret alltid har vore opptatt av utvikling, men på ulike område og med ulik politikk. Slik er det, og slik kjem det alltid til å vera.
Åra Bygdalista hadde ordføraren var mykje prega av uro. Dette skuldast at det vart tatt eit naudsynt oppgjer med korleis kommunen var drifta. Økonomien var elendig og det var generelt lite fokus på utvikling. Ting måtte endrast og skjelett i skapa måtte handterast. Ikkje minst var det ein tung kamp å sikra at me i det heile tatt fekk vera eigen kommune. Me kom oss gjennom desse åra fordi me hadde ein tydeleg retning om kvar me skulle, og fordi me oppnådde knappast mogeleg fleirtal i heilt avgjerande saker.
Perioden mellom 2015 og 2023 gjekk altså med til grunnleggjande endringar av kommunen. I desse åra var det som oftast Bygdalista, FrP, Sp og KrF som fann saman i knappe fleirtal i kritisk viktige saker. Truleg er det grunn til å påstå at Bygdalista og FrP har vore, og framleis er, dei partia som aller mest søkjer endring og utvikling. Med to parti som så sterkt frontar dette, og til tider med veldig ulike syn på løysingar, har kulene gått varme.
Sp hadde nok ei viktig rolle for at partia raskt fann tilbake til kvarandre. Samtidig er det slik at Bygdalista har vore, og framleis er, opptatt av ha god dialog med alle partia i kommunestyret.
Dette er noko som særmerkar Bygdalista, og noko som er viktig for å sikra eit godt politisk miljø, samarbeid og utvikling.
Det blir aldri feil å satsa på ungdommen. Bygdalista meiner framleis at Bjørkheim hadde vore aller beste staden å byggja fleirbrukshall. Men sentrumet vårt er uansett i vekst, og det vil framover koma andre tiltak der som vil gle oss. At fleirbrukshallen no blir bygd i Hagabotnane, inkl. utbetring av vegen opp, er veldig positivt for bygda. Bygdalista er ikkje snauare enn at me tar ein stor del av æra for at dette no skjer. For dei siste sju åra var det først og fremst Bygdalista, inkl. FrP, som sette fleirbrukshall og utbetring av vegen til Hagabotnane på den politiske agendaen.
Motorsportsenter i Rolvsvåg er endå ei sak med varme kuler. Også her var det Bygdalista som tok initiativ til å setja prosessen i gang. Samtidig søkjer me ikkje utvikling for einkvar pris. Grunneigar har vore tydeleg på at det ikkje er aktuelt å selja areal. Det skal me ha stor respekt for. Samtale Bygdalista har hatt med støyspesialist, med erfaring på motorsportsenter, fortel oss at folk i Rolvsvåg og Utskot med god grunn kan frykta at støy vil øydeleggja grendene deira. Det er heller ikkje slik at ein kan starta opp med kva som helst i industriområdet i Rolvsvåg. Støy skal uansett ikkje overskrida grensene for folk som bur i området.
Det er interessant å erfara at FrP, etter dei fekk ordføraren, no ser verdien av å bruka pengar på utgreiingar. Det er bra. Men at kommunen skal driva åleinegang og sjølv betala opptil ein halv million kroner, før ein koplar inn Vestland fylkeskommune, er ikkje vegen å gå slik denne saka står. Gjort på rette måten kan kommunen spara kostnader, og prosjektet kan koma inn på eit meir konstruktivt spor, som endar med at noko faktisk blir bygd. Det er ikkje noko nederlag dersom Vestland fylkeskommune skulle overta prosjektet.
Det er uansett gledeleg at kommunen er i ein situasjon der økonomien er god, leiinga er god og der den politiske debatten i all hovudsak kan dreia seg om utvikling av lokalsamfunnet vårt. Samtidig skal me ikkje gløyma alt det tunge politiske arbeidet som ligg til grunn for at kommunen er i denne gunstige situasjonen.