FRYKTAR DÅRLEG INNEKLIMA: Taklekkasjen på bufellesskapet i Reistadliane kan ha fått konsekvensar for inneklimaet. Etter påske vert bebuarane flytta fram til skadane er utbetra.
FRYKTAR DÅRLEG INNEKLIMA: Taklekkasjen på bufellesskapet i Reistadliane kan ha fått konsekvensar for inneklimaet. Etter påske vert bebuarane flytta fram til skadane er utbetra. FOTO: Mathias Reistad

Flyttar bebuarar til Samnangerheimen

Kommunen har vurdert at det kan vera skadeleg å opphalda seg i det fem år gamle bygget på Skottabakken over lengre tid. Det er planlagt flytting til den eldste delen av Samnangerheimen etter påske.

Skottabakken bufellesskap stod innflyttingsklart i 2020. Sidan 2023 har det gradvis vorte oppdaga fukt fleire stader i bygget. Vatn har til tider dryppa inn, spreidd seg og gått ned i veggane. Ekstremvêret Jakob, som herja på Vestlandet i fjor haust, førte til større lekkasje i bygget. I slutten av januar i år dekka kommunen heile taket med presenning for å hindra meir skade.

IKKJE AVKLART: – Me har ein prosess for å på det reine kvar ansvaret ligg, seier kommunalsjef for samfunnsutvikling, Veronika Skiftesvik Natås. FOTO: Privat

Ansvaret må avklarast
– Den store lekkasjen skuldast feil i takkonstruksjonen. Det har teke tid å finna ut kvar feilen er, forklarar kommunalsjef for samfunnsutvikling, Veronika Skiftesvik Natås.

– No har me ein prosess med å få avgjort kvar ansvaret ligg. Om det er hos selskapet som hadde totalentreprisen, eller om kommunen må dekka skadane sjølv. Sidan det kan verta tvist om dette, treng me nokre avklaringar før me kan gå i gang med å utbetra, seier Natås.

Kommunen har innhenta juridisk bistand.

Ny vurdering
Ein inneklimarapport gjennomført av eit spesialfirma som kommunen har leigd inn, gav i desember tilbakemelding om at det ikkje skulle vera skadeleg for bebuarane å opphalda seg i bygget. No har derimot kommunen snudd. Kommunalsjef for helse og omsorg, Edith Oma, orienterte på OHO-møtet tysdag:

– Det har vore ein del luftvegsproblematikk på Skottabakken i det siste. Det kan sjølvsagt skuldast sesonginfluensa. Me veit at det har vore mykje av det både her og i heile Noreg i det siste. Men det kan også skuldast bumiljøet. Me har teke ei ny vurdering i lag med kommuneoverlegen, som har konsulert miljøingeniør, og har bestemt at me vil flytta bebuarane på Skottabakken til 95-bygget på Samnangerheimen.

«95-bygget» er den eldste delen av Samnangerheimen.

Kan ta tid
– Dette gjer me fordi det er oppvekst av bakteriar i veggane på Skottabakken. Dei er ikkje opne per no, men me veit at det kan vera skadeleg å bu der over lengre tid. Pårørande, verjer og bebuarane er informerte. Me flyttar ikkje som hastesak, men planlegg at det skal skje i veka etter påske, opplyste Oma.

Det skal berre vera behov for å flytta dei som bur i den nye delen av bygningsmassen på Skottabakken.

Veronika Skiftesvik Natås legg til at mange av bebuarane uansett måtte ha flytta når taket skal utbetrast.

– No vert dei buande i 95-bygget til utbetringa er ferdig, seier ho.