– Det er veldig trist når slikt skjer. Stolpane gjer ingen skade, dei står i ro og seier ingenting, påpeikar Arild Røen.
Han er leiar for stolpejakt og turorientering i Samnanger IL. Røen er på tur til ein stolpe like ved Samnanger barneskule, etter å ha fått tips om at fleire av stolpane har blåse vekk eller blitt fjerna.
Kjent utfordring
Stolpejakta handlar om å finna stolpar som er plasserte ut i heile landet. I Samnanger er det i år 51 slike. Dette er tredje året med stolpejakt her i kommunen.
Det var Anne-Gro Litangen som gav beskjed om at nokre stolpar var på avvegar. Ho var på tur og fann to stolpar slengt på bakken. Måndag føremiddag delte ho eit bilete på Facebook-gruppa «Eg er Samning».
– Dei kan ikkje ha blåse ned i alle fall. Det er nok nokon som har rive dei opp og kasta dei frå seg, trur Litangen.

RIVEN OPP: Slik såg det ut då Anne-Gro Litangen skulle ut på stolpejakt. FOTO: Anne-Gro Litangen
Det er ikkje første gong stolpane blir øydelagde, opplyser Røen.
– Me hadde tre-fire stolpar som hadde ein tendens til å forsvinna i fjor. Det kan sjå ut som om nokon synest det var moro å hiva dei nedover i terrenget. Men det roa seg etter kvart.
På ein gammal ruin
Tysdag hadde Arild Røen med seg eit spett for å setja stolpen ordentleg på plass att.
Her i kommunen er stolpejakta eit samarbeid mellom idrettslaget og historielaget. Når du scannar QR-koden på stolpane, får du opp informasjon om historien til staden han er plassert.
– Eg trur samningane har mykje å læra her. Det har i alle fall eg gjort, seier Røen.
Han står like ved barneskulen, på ruinane til Gamle-
huset. Her seier informasjonen på stolpen at det kan ha budd folk i heile 700 år.
Denne stolpen er grøn, som tyder og at han skal vera tilgjengeleg for alle. Då skal han ikkje stå meir enn to meter frå vegen.

TILGJENGELEG: Grøne stolpar skal ikkje stå lengre enn to meter frå veg. FOTO: Siri Ravn
– Kom deg ut!
«Stolpejakten 2025» starta opp onsdag sist veke. Fram til og med måndag hadde hundre personar vore på jakt. Etter berre fem dagar hadde dei scanna stolpane 700 gonger. Røen anbefalar fleire å koma seg ut på jakt.
– Det er berre å hiva seg på! Det er kjempefin trim, og så
lærer du litt om bygda.
Han legg til:
– Men lat stolpane stå i fred.