Skulane i Samanger gjennomfører elevundersøkinga kvart år på 5. til og med 10. trinn. Resultata frå 2024 blei presenterte på møtet i utvalet for oppvekst, helse og omsorg (OHO) denne veka.
Litt mindre mobbing
På landsbasis ser det ut til å vera ein liten nedgang i mobbinga. Samtidig er tala frå Vestland noko høgare enn i landet elles, opplyser kommunalsjef oppvekst, Irene Ullensvang, i sakspapira.
Når det gjeld vår kommune har me ikkje tal som kan visa utviklinga frå førre skuleår til i år, verken på 5. til 7. trinn eller på 8. og 9. trinn. Dette har samanheng med at ein del resultat er skjerma fordi det er eit lågt tal respondentar i ei gruppe eller ein klasse.
Berre på 10. trinn er det mogleg å sjå ei utvikling. Her viser tala at 38,5 % av elevane svarte at dei opplevde mobbing i 2023/24, medan talet har gått ned til 25% for dette skuleåret.
Dei fleste har det greitt
«Trivst du på skulen?» er eit av spørsmåla i undersøkinga. Utdanningsdirektoratet har summert opp hovudfunna for 2024, og kan konkludera med at dei fleste svarer ja på dette. På landsbasis er det ein liten auke her på samtlege trinn.
I Samnanger ser me ein auke i trivsel både på 7. og 10. trinn, sjølv om kommunen skårar litt dårlegare enn Vestland her.
Elevundersøkinga ønskjer også å finna ut av kor motiverte elevane er. Gler dei seg til å gå på skulen? Kor godt likar dei skulearbeidet? Her viser undersøkinga ein svak auke i motivasjon på 10. trinn i Samnanger, medan tala frå 7. trinn er uendra.
Både i fjor og i år var samnangerelevane ørlite grann meir motiverte enn elevar i Vestland generelt på 7. trinn, medan resultata for 10. trinn er så godt som like.