Statsforvaltaren har kontrollert kommunen sitt budsjett for 2025 og økonomiplanen for dei kom-
ande fire åra, og konstaterer at Samnanger har store investeringsbehov. Men sjølv om lånegjelda kjem til å auka, tek kommunen grep for dempa gjeldsveksten. Dette skjer mellom anna ved at inntektene frå sal av konsesjonskraft vert sette av til utbyggingsoppgåver i staden for å gå inn i drifta.
«Statsforvaltaren vurderer praksisen som positiv», heiter det i tilbakemeldinga.
Solide overskot
Medan mange norske kommunar går med underskot, legg Samnanger opp til eit driftsresultat på 5,5 prosent kvart år i økonomiplanperioden. Går alt som planlagt, kan 9,5 millionar kroner årleg overførast frå drift til investering. Dette kjem i tillegg til konsesjonskraftinntektene, og gjer at kommunen kan ta på seg relativt store utbyggingsoppgåver utan at gjelda vert uhandterleg.
Store investeringar
I økonomiplanen har kommunestyret mellom anna lagt inn følgjande tiltak:
- Ny brannstasjon, 50 mill
- Enkel sportshall, 25 mill
- Møtestad for ungdom, 8 mill
- Renovering av 95-bygget på Samnangerheimen, 10 mill
- Omsorgsbustader, 10 mill
- Utbetring av vegar, 44 mill
Auka gjeldsgrad
Etter handlingsregelen skal lånegjelda ikkje overstiga kommunen sine brutto driftsinntekter, noko Samnanger har halde seg godt innanfor dei siste åra. I 2022 hadde kommunen ei gjeldsgrad på 79 prosent. Med dei store investeringane kommunestyret har planlagt i åra som kjem, vil gjelda auka til 131,8 prosent i 2028. Statsforvaltaren konstaterer at slik er det, men kjem ikkje med nokon refsande peikefinger mot lokalpolitikarane sine prioriteringar.