VEKKER HO TIL LIVE: Anmeldingane til den nye Snøkvit har vore blanda.
VEKKER HO TIL LIVE: Anmeldingane til den nye Snøkvit har vore blanda. FOTO: Bygdekinoen

Musikalske møte på bygdekinoen

Syng gjer dei begge to, men så veldig mykje meir har dei kanskje ikkje til felles: Neste veke kjem Snøkvit og Bob Dylan til Nordbygda grendahus.

Å erstatta kjente og kjære animasjonsfigurar med verkelege skodespelarar, er ikkje alltid like vellukka. Likevel dukkar det stadig opp nyinnspelingar av gamle teiknefilmskattar. Denne gongen er det sjølvaste Snøkvit som har fått nytt liv.

Sukkerspinn

«Snehvit og de syv dvergene» frå 1937 var Disney sin første heilaftens animerte spelefilm. Nyleg kom live action-filmen «Snehvit» på norske kinoar, regissert av Marc Webb («Gifted», «The Amazing Spiderman»).

Kritikarane er ikkje så veldig begeistra og trillar stort sett terningane sine til toarar og trearar. NRK, som nok er blant dei mest positive, karakteriserer filmen som «sjarmerande sukkerspinn», og synest både Rachel Zelger si Snøkvit og Gal Gadot si skumle dronning er kjempefine. Også dei sju dvergane, som er animerte, bidreg til at filmen blir både varm, sjarmerande og leiken, meiner deira kritikar.

Nei takk til prins

Handlinga er omtrent som før. Det dreier seg framleis om ei prinsesse som må rømma ut i skogen når den vonde stemora hennar ønskjer å drepa ho. Snøkvit finn huset til dei sju dvergane, og etter kvart dukkar det opp ei gamal dame som tilbyr henne eit freistande og skinande raudt eple. Den store forskjellen er at prinsessa ikkje lenger leitar etter ein prins, men fell for ein heilt vanleg mann.

Filmen har fått aldersgrense 9 år, men born ned til 6 år kan sjå han i lag med ein vaksen.

Legendarisk musikar

I kveldens film nummer to får publikum oppleva den amerikanske skodespelaren Timothée Chalamet i rolla som ikoniske Bob Dylan.  «A Complete Unknown» har hausta svært bra kritikk både i inn- og utland. Regien er ved James Mangold, som står bak mellom anna «Walk the Line» og «3:10 to Yuma».

Filmen går føre seg i New York på byrjinga av 1960-talet, og skildrar ein epoke prega av kulturelle og politiske endringar. Ein 19-årig Bob Dylan kjem til West Village. Med seg har han gitaren sin og eit revolusjonerande talent som skal koma til å endra retninga på amerikansk musikk for alltid.

Om ein likar eller ikkje likar songstemma til verkelegheitas Bob Dylan, er vel ei smakssak. Denne gongen er det skodespelar Chalamet som framfører låtane, og enkelte kritikarar
meiner at han syng betre enn originalen.