UVANLEG LITE SNØ: Vigleik Tysseland og resten av langrennsgruppa må avlysa samnangermeisterskapen i Totræna i vår. Han er uroa for kva konsekvensar snømangel kan få for rekrutteringa.
UVANLEG LITE SNØ: Vigleik Tysseland og resten av langrennsgruppa må avlysa samnangermeisterskapen i Totræna i vår. Han er uroa for kva konsekvensar snømangel kan få for rekrutteringa. FOTO: Siri Ravn

Trur snømangel kan gå ut over rekrutteringa

Samnangermeisterskapen i både alpint og langrenn er utsett. – Slike vanskelege sesongar kan gå utover rekrutteringa, meiner Inge Frøland.

Han er leiar i alpingruppa til Samnanger IL. Samnangermeisterskapen (SM) i alpint skulle etter planen gått av stabelen førstkomande laurdag i Eikedalen skisenter. Slik blir det ikkje.

– Det er ikkje snø å køyra på, så me får ikkje til å arrangera no. Rennet blir dessverre utsett, i alle fall i første omgang, opplyser Frøland.

SM i langrenn skulle gått i Totræna neste helg.

– Det ser heilt håplaust ut, seier Vigleik Tysseland, leiar i langrennsgruppa.

Han står på ein snøflekk som ligg att på stadion, og minner oss på at det eigentleg framleis er vinter.

Snømangel over alt
I Totræna er det nesten heilt snøfritt. Bortsett frå i 2021, året Noreg stengde ned, har langrennsgruppa alltid greidd å arrangera SM.

– For tjue år sidan flytta me rennet til Kvamskogen. Elles har me arrangert SM her kvart einaste år. Men det er blitt dårlegare vintrar i det siste. Det er noko som skjer, trur Tysseland.

I år er det heller ikkje særleg med snø på Kvamskogen. Dei siste vekene har det vore vanskeleg for skianlegget i Eikedalen å skrapa saman nok til å halda ope. Sist veke kom nokre etterlengta kuldegrader, og snøkanonane fekk produsert tilstrekkeleg til å opna søndag. Denne veka har berre barnetrekka Veraheisen og Tobiasheisen vore i drift.

Det er ikkje første gong snømangel skapar trøbbel for samnangermeisterskapen i alpint.

– Men det er ei stund sidan sist. I 2014 var snømangel eit stort problem. SM er blitt avlyst på 90-talet òg, men det er sjeldan. Stort sett klarar me å få til noko, seier Inge Frøland.

Halvparten på trening
Den manglande snøen endrar måten utøvarane kan trena på. No har langrennsutøvarar starta med trening på berr bakke, midt i sesongen.

– Nokon i laget har teke i bruk rulleski på gang- og sykkelvegane nede i bygda, fortel Tysseland.

Han opplever at det er færre som kjem på treningar når dei blir haldne i låglandet.

– Ganske mange møter opp viss me har snø her i Totræna. Mindre enn halvparten kjem når me har treningar på idrettsbana i Hagabotnane, opplyser Tysseland.

Dette meiner han er negativt for sporten.

– Er det gode skiforhold, så kjem rekrutteringa etter. Miljøet blir vanskelegare å halda oppe utan snø.

I fjor var det 80 deltakarar med på renna i Totræna totalt. I år blir det langt færre. Langrennsgruppa har fått gjennomført Samnangerrennet, tre karusellrenn og ein skileik.

– Dette går utover rekrutteringa, det merkar me, seier langrennsleiaren.

Kan ikkje flytta SM langt
SM i alpint blir vanlegvis arrangert i lysløypa ved Tvillingtrekka i Eikedalen. Her er konkurransen halden dei fire siste åra. Frøland har drive med alpint sidan 80-talet og fortel at SM tidlegare vart avvikla i barneløypene.

– Men me er framleis så tidleg i sesongen at me håpar å få til noko betre enn dét. Det blir nok ikkje i Tvillingtrekket i år, men me håpar på Setertrekket. Det kan framleis koma snø, seier Frøland håpefullt.

UTSET, MEN HAR TRUA: Inge Frøland (biletet) og alpingruppa håpar SM i alpint kan gjennomførast i Eikedalen i april. Men først må det koma meir snø. FOTO: Arkiv

– Interessa for dette er så låg at det eigentleg ikkje er noko alternativ. Det er viktig at dei fleste blir med, ikkje berre dei ti ivrigaste.

Frøland fortel at rekrutteringa har vore grei dei siste åra.

– Talet på aktive utøvarar har eigentleg vore stabilt. Men det verkar som me slit meir med å halda på dei litt eldre, frå U14 og oppover.

Tek grep for lengre sesongar
Sjølv med lite snø har det vore ein aktiv sesong for Samnanger alpin. Laget har delteke på alle ni kretsrenna til Hordaland skikrets.

Sist helg var det avslutning av kretscupen i Hordaland på Voss. Då vann Anne Tenold storslalåm for jenter U14. Lars Frøland var uheldig og køyrde ut, men vann likevel samanlagtcupen i klassen gutar U14.

– Det er mykje som skjer, sjølv om det er litt lite i Eikedalen for tida, oppsummerer Frøland.

Han har inntrykk av at sesongane er blitt kortare med åra.

– Ein er meir avhengig av kunstsnø for å få like lange sesongar som før, meiner han.

Inge Frøland trur ikkje dette kjem til å vera noko problem dei neste 10-20 åra. Han meiner at Eikedalen skisenter gjer ein god innsats for å forlenga sesongen.

  Dei gjer tiltak og investerer i kunstsnøproduksjon. For ein del år sidan hadde ikkje Eikedalen kunna halda ope noko som helst med dei forholda me har no. Sånn sett ser me lyst på det. Kjernesesongen i Eikedalen vil nok bestå lenge enno.

– Ser ikkje lovande ut
– Så, kva tid blir det SM i år?

– Det er det gode spørsmålet.  Så fort som mogleg, når det kjem snø. Men me er avhengige av at Eikedalen opnar meir, seier Inge Frøland i alpingruppa.

27.-30. mars står NM for U14 på planen. Der skal fire lokale utøvarar ta turen.

– SM blir ikkje helga som kjem no. På grunn av NM blir det heller ikkje neste helg, opplyser Frøland.

Langrennsentusiastane ser ut til å måtta venta endå lenger.

– No har me ikkje snø, så det ser ikkje lovande ut. Me prøver å utsetja det til desember, rett før jul, seier Tysseland.

Han legg til:

– Men det er ikkje sikkert det er snø då heller.