Å TAPPAST NED: For å kunna utføra rehabiliteringsarbeidet i Nedre Dukavatnet, må tappetunellen (nede til høgre) tørrleggjast. På grunn av den korte sesongen i høgfjellet treng Eviny to somrar på å fullføra prosjektet.
Å TAPPAST NED: For å kunna utføra rehabiliteringsarbeidet i Nedre Dukavatnet, må tappetunellen (nede til høgre) tørrleggjast. På grunn av den korte sesongen i høgfjellet treng Eviny to somrar på å fullføra prosjektet. FOTO: Eviny

Planlegg anleggsaktivitet i fjellet

Sprenging, betongarbeid og helikoptertransport står på planen når Eviny skal bruka 15 millionar kroner på å rehabilitera to av anlegga sine i Samnanger.

Alt etter påske vil arbeidet i Kvitingsvatnet starta opp. Her skal eit par av dammane utbetrast. Den som ligg nærmast fylkesvegen har utvendige sprekker som må reparerast. Men langt meir omfattande er tiltaka på den austre dammen.

– For å sikra tilfredsstillande stabilitet skal han forsterkast med eit betonglag på mellom éin og to meter. I tillegg skal damkrona hevast med 60 centimeter, og det skal monterast nytt rekkverk på begge sider for å sikra mot fall, forklarar divisjonsleiar Svenn Rognås i Eviny Fornybar AS.

– Som dameigar må me til ei kvar tid passa på at anlegga våre er i forskriftsmessig stand, legg han til.

HAR ANSVAR: – Som dameigar pliktar me å halda anlegga våre i forskiftsmessig stand, seier divisjonsleiar Svenn Rognås i Eviny Fornybar AS. FOTO: Nils Ole Refvik/Eviny

Ferdig i oktober

I samband med prosjektet må det byggjast 150 – 200 meter ekstra anleggsveg nede i magasinet. Dette vil medføra sprengingsarbeid, går det fram av detaljplanen som Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har godkjent. Vert det behov for meir vegmassar enn det som er tilgjengeleg på staden, skal dei hentast frå ein gamal tunelltipp i inste enden av vatnet.

Heile rehabiliteringa skal etter planen vera fullført i oktober i år. Vasstanden i Kvitingsvatnet skal haldast nede så lenge arbeidet pågår.

Kort sesong

Også i Nedre Dukavatnet vert det planlagt anleggsarbeid. Vatnet ligg høgt til fjells, og byggjesesongen er kort. Eviny Fornybar legg difor opp til aktivitet både denne og neste sommar.

– Nedre Dukavatnet vart oppdemd rundt 1940, og tappeluka har no nådd sin tekniske levealder. Det er difor behov for å gjera utbetringar, opplyser Svenn Rognås.

For å kunna utføra arbeidet må Eviny tørrleggja tappetunellen. Til dette trengst ein fangdam i armert betong på 10 x 2,6 meter, som skal byggjast no i 2025. Rehabiliteringa av sjølve luka vil skje neste sommar. Dei permanente inngrepa skal ikkje vera synlege i dagen, går det fram av detaljplanen for miljø og landskap.

Mannskapa som skal utføra arbeidet, kan køyra fram til Dukabotn. Deretter ventar ein
40 minuttar lang fottur fram til anleggsområdet.

Helikoptertransport

Mannskapa som skal utføra arbeidet, kan køyra fram til Dukabotn. Deretter ventar ein 40 minuttar lang fottur fram til anleggsområdet.

– Materiell og utstyr skal fraktast til fjells med helikopter, stadfestar Rognås.

I alt reknar Eviny med å bruka rundt tusen kubikkmeter betong på prosjekta i Samnanger.
– Me legg vekt på å nytta ein variant som gjev ca. halvparten så mykje klimagassutslepp som vanleg betong. Me legg også til rette for at  transport skal skje med el-bilar der det let seg gjera, opplyser divisjonsleiaren.

Arbeida har vore ute på anbod, men det står att å velja entreprenør.