VIL JOBBA VIDARE: – For å få prosjektet om motorsportbane på beina igjen, bør ordføraren ta initiativ overfor Vestland fylkeskommune. Det kostar ikkje meir enn eit møte, skriv Knut Harald Frøland (BL) i dette debattinnlegget.
VIL JOBBA VIDARE: – For å få prosjektet om motorsportbane på beina igjen, bør ordføraren ta initiativ overfor Vestland fylkeskommune. Det kostar ikkje meir enn eit møte, skriv Knut Harald Frøland (BL) i dette debattinnlegget. FOTO: Skisse/Arkiv

Debatt:

Motorsportsenter er eit regionprosjekt

I førre Samningen var ordføraren tydeleg på at han ikkje vil ta noko initiativ overfor Vestland fylkeskommune for å vidareføra eit prosjekt med motorsportsenter. Han grunngjev dette med at han arbeider for Samnanger.

Ei viktig erfaring kommunen gjorde seg i arbeidet med å få sett av areal til datasenter i Børdalen var at med prosjekt som gagnar regionen må ein arbeida regionalt for å lukkast. Etter at idéen om mogeleg datasenter oppstod, var det mykje som gjenstod. Ein måtte gjera grundige utgreiingar for å sikra at ein tilfredsstilte ei rekkje krav (over 100) næringslivet vil stilla for å byggja eit datasenter. Og ikkje minst måtte kommunen få aksept for å setja av areal til datasenter i kommuneplanen.   

– Eg jobbar for Samnanger – punktum

Samnanger kommune tok tidleg i prosessen initiativ overfor Vestland fylke/ Invest in Bergen (der Samnanger kommune er medeigar) for å få etablert ei interessegruppe på regionalt nivå. Kommunen fekk støtte, og interessegruppa bestod etter kvart av representantar frå Invest in Bergen, Eviny, Samnanger kommune og andre kommunar der datasenter kunne vera aktuelt å byggja. Samnanger kommune hadde ingen garanti for at ein ville lukkast med å få til noko hos oss.

Historia kjenner me. Utgreiingane viste at Børdalen var godt eigna. Etter mykje motstand frå Statsforvaltaren lukkast ein med å få sett av areal til datasenter i områdeplanen. I kampen mot Statsforvaltaren fekk kommunen avgjerande støtte frå interessegruppa.

SER UTOVER: Knut Harald Frøland seier ja til eit regionprosjekt. FOTO: Arkiv

Seinare har næringsaktørar overtatt stafettpinnen og stått for finansiering av ein reguleringsplan for eit stort næringsområde i Børdalen. Kommunen har mest ikkje hatt kostnader i dette arbeidet. Mangel på krafttilgang har vore ei vesentleg forklaring på kvifor det framleis ikkje er kome noko datasenter, men dette er i ferd med å løysa seg.

Noko som var spesielt interessant var eit møte interessegruppa hadde med offentlege aktørar som hadde lukkast med å få bygd datasenter i Sverige. Suksessoppskrifta vart oppgitt til å vera at kommunane i regionen hadde eit tett og raust samarbeid om næringsutvikling. Den kommunen som var best eigna fekk etableringa. På sikt vil ein slik modell gagna alle kommunar. Her har vår region noko å læra.

For å få prosjektet om motorsportbane på beina igjen, bør ordføraren ta initiativ overfor Vestland fylkeskommune. Det kostar ikkje meir enn eit møte. Sidan Samnanger har opparbeidd seg betydeleg kompetanse om motorsportsenter, og at det framleis kan vera mogeleg med eit slikt senter i vår kommune, bør representant frå administrasjonen vera med i ei eventuell interessegruppe.

Det som er viktig er at ein i fortsetjinga går fram på rette måten. Det vil eit regionprosjekt sørgja for.