Debatt:

Ja til utvikling – nei til stillstand

I debatten om utviklinga av Samnanger ser me nok ein gong at Arbeidarpartiet og MDG kjem med fine ord om heilskapleg utvikling og folkeleg forankring, men realiteten er ein annan. Sanninga er at desse partia set stopp for framgang og utvikling fordi dei er meir opptekne av vern enn av vekst.

Arbeidarpartiet seier dei vil ha utvikling, men kva meiner dei eigentleg med det? Dei seier nei til trafikktryggleiks- og motorsportsenter, nei til utbygging, nei til nye arbeidsplassar. Dei snakkar om å ta folk på alvor, men korleis tek dei folk på alvor når dei ikkje lyttar til dei som faktisk ønskjer utvikling?

MDG er, som venta, heilt imot all utbygging som kan påverka landskapet. Dei vil heller ha ei «omstilling» utan konkret innhald, der det viktigaste er å ikkje gjera noko som kan utfordra den grøne ideologien deira. Resultatet? Stillstand, færre arbeidsplassar og mindre moglegheiter for unge i kommunen.

FrP meiner at Samnanger treng utvikling, ikkje stagnasjon. Me treng arbeidsplassar, me treng aktivitetstilbod, me treng vekst. Når folk ønskjer eit trafikktryggleiks- og motorsportsenter, er det fordi dei ser ein verdi i det – både økonomisk og sosialt. Når bedrifter ønskjer å etablera seg her, bør kommunen leggja til rette, ikkje skapa hindringar.

Skal me utvikla Samnanger, må me våga å ta grep. Me kan ikkje la oss styra av frykt for forandring eller av parti som meiner at det beste for naturen er å la kommunen døy ut. FrP står for handlekraft, utvikling og vekst – og me seier ja til ei framtid der Samnanger er ein kommune med moglegheiter for alle.