GODT UTVAL: Frivilligkoordinator Anja Elisabeth Gjerde Markhus hadde fått inn mykje fint til klesbytedagen på laurdag.
GODT UTVAL: Frivilligkoordinator Anja Elisabeth Gjerde Markhus hadde fått inn mykje fint til klesbytedagen på laurdag. FOTO: Marianne A. Reistad

Ja takk til «nye» brukte klede

– Det har vore ein del personar innom og teke med seg fine plagg allereie, og eg håpar at det kjem fleire utpå dagen, seier frivilligkoordinator Anja Elisabeth Gjerde Markus.

Midt i mars var det klesbytedag i biblioteket, i regi av frivilligsentralen. I det store møterommet hang det fargerike kjolar og jakker på veggane, genserar og bukser var bretta sirleg og lagt utover borda.

– Det er veldig mykje fint her. Noko av det er heilt nytt, opplyser frivilligkoordinatoren.

Møteplass

Både i dagane før arrangementet og same føremiddag hadde folk vore innom for å levera brukte plagg som kunne bytast inn i «nye» på sjølve dagen. Arrangørane hadde sett ei grense på maks sju innleverte plagg per person, for å sikra at det som kom inn var i god stand og freistande å byta til seg. Det fungerte bra, fortel Anja Elisabeth.

Ho synest det er positivt med arrangement av denne typen.

– Det er kjekt at noko skjer, og biblioteket er ein fin møteplass.

Restar

Sjølv om mange var interesserte i å oppdatera garderoben på klesbytedagen, blei det noko til overs. Dette blir liggande i biblioteket ut veka, og alle som vil kan komma innom og henta seg klede gratis.

Dette meiner ungdomane

Fakta:

  • Klesindustrien står for meir av verdas klimagassutslepp enn fly- og skipsfart til saman.
  • 84% av utsleppa til eit plagg kjem frå sjølve produksjonen og frå transport til butikkane.
  • Åtte av ti nordmenn meiner dei har for mykje klede og sko som dei ikkje brukar.
  • Den store klesbytedagen blei starta i 2016 og er Naturvernforbundet sitt handlingsalternativ for å få ned klimautsleppa frå kleda våre.
  • Frivillige over heile landet blir oppmoda om å arrangera klesbytedag der dei bur, slik at folk kan fornya garderoben utan å belasta miljøet.

Kjelde: Naturvernforbundet