Han skriv at Miljøpartiet Dei Grøne vil ha ei omstilling «utan konkret innhald». Men dersom Tvedterås vil ha det konkret, treng han faktisk verken lesa om grøn ideologi eller MDG sitt partiprogram, sjølv om det kanskje ville gjera kritikken mot politiske motstandarar meir presis.
Det ville faktisk vera nok å lesa fagnotata som er utarbeidde i samband med arbeidet med ein ny samfunnsplan for Samnanger kommune. I fagnotatet om klima, miljø, beredskap og arealrekneskap heiter det mellom anna at Samnanger kommune bør vektleggja å ta i vare friluftsliv, jord, skog og karbonrike areal (det siste omfatter mellom anna myr). Det er ei rimeleg konkret tilråding. Å følgja henne føreset at planlegging ikkje skjer etter innfallsmetoden. Det betyr at Samnanger faktisk treng ein god arealplan, som vurderer heilskapen, og som slik både peikar på kva areal som bør få liggja i fred, og kva areal som eignar seg til utbygging. Konkret, men også samanhengande.
Her kan me også ta utgangspunkt i tilrådingar i det tilsvarande fagnotatet om næring. Der går det for det fyrste fram at det viktigaste er å finna gode næringsareal langs Fv49. I arbeidet med arealplanen, som strengt tatt burde hatt høgare prioritet, blir nettopp dette ei viktig oppgåve: å finna areal nær hovudvegen som i minst mogleg grad kjem i konflikt med omsyna nemnd over. Gjer ein dét, kan ein raskt leggja til rette for utvikling. Det ville vera meir verd enn å reisa rundt til andre kommunar med teikningar av ei motorsportbane om lag i husveggen til folk. Det er også meir verd enn spinnville idéar om utbygging i eit av Samnanger sine viktigaste friluftsområde, Kvernesmarka.
Fagnotatet om næring peikar også på andre viktige ting. For det fyrste peikar det på at etablering av kontorfellesskap i sentrale område kan vera med på å redusera utpendlinga frå kommunen. Dette er noko MDG har peikt på i ei årrekkje. No har Samnanger Mylderlag spanande planar på Tysse, som me vonar dei vil lukkast med.
For det andre peikar fagnotatet på at kommunen «har ein betydeleg eigedomsmasse, som ikkje er optimalt utnytta», og på at det bør gjennomførast ei kartlegging for å vurdera bruksendring for eksisterande bygg og eigedomar, med mål om å tilby næringsaktørar eigna lokale. Dét er ein god idé, som bør takast tak i.
For det tredje peikar notatet på at såkalla arbeidsplassintensive næringar bør lokaliserast på Bjørkheim og på Ytre Tysse; handel på Bjørkheim, arbeidsplassar knytt til kultur og reiseliv gjerne til Ytre Tysse.
Då er det mellom anna viktig med ein god plan som legg til rette for ei verkeleg og heilskapleg satsing på Bjørkheim som eit sentrum (og ikkje berre eit handlesenter). Her har FrP istadenfor stått i bresjen for å fjerna infrastruktur for gåande frå planarbeidet, og for å gjera eit vedtak om det vidare planarbeidet som elles i beste fall er uklårt. Også for Ytre Tysse trengst det nytt planverk.
Til slutt: I samband med samfunnsplanarbeidet er det gjennomført ei innbyggarundersøking. Mange av dei som har flytta til kommunen i løpet av dei siste ti åra peikar der på naturkvalitetar og nærleik til sjø og fjell som viktige årsaker. Folk som har budd i kommunen lenger enn det, peikar gjerne også på tilgang til natur, og på ro og god plass. Difor skal eg tillata meg litt grøn ideologi til slutt: Naturen har eigenverdi, men den er også viktig for oss. Og det er viktig å ha i mente, både i arealpolitikken og i næringspolitikken.