Ei kreativ sjel med eventyrlyst

Marita Natås Magnesen har mange idear, og set ofte i gang med eit nytt prosjekt før det første er ferdig. Ho elskar å reisa på campingturar der vegen fører henne, og seier ikkje nei til å sjå alle Harry Potter-filmane for tiande gong.

TAPET-MINNE: I bakgrunnen kan ein sjå eit av prosjekta Marita held på med. Ho har samla tapetrestar frå barndomsheimen, venninner og familie, som ho har laga eit fint mønster av på den eine veggen i utestova deira. FOTO: Bente Dyrøy Bødker

– Venene dine beskriv deg med desse orda: Kjem alltid for seint, roleg i stressande situasjonar, direkte, best på quiz og multitasking, alltid godt førebudd, utåtvend og sjølvsikker. Stemmer dette, og korleis vil du beskriva deg sjølv?
– Det stemmer nok, ja. Eg er ganske sta også, noko som kan vera både positivt og negativt. Elles er eg empatisk av meg, og har stor omsorg for andre. Eg kan kanskje virka litt sjenert, og likar ikkje å «småsnakka» med framande, men når eg først vert trygg på folk, tek eg mykje plass og tyt ganske mykje.

– Du jobbar berre natt. Korleis er det?
– Det fungerer fint. Eg er veldig B-menneske, så eg treng ikkje så mykje søvn, og har jobba natt sidan eg var 25 år. Eg trivst kjempegodt i jobben eg har no, men byrjar å bli litt lei av å jobba turnus, så eg har vurdert om eg skal gå over på dagtid på eit legekontor eller på Haukeland sjukehus. Me får sjå kva mogelegheiter som dukkar opp.

– Kva gjer deg glad?
– Ryddig hus og sol ute, då er livet bra.

– Du likar å gå tur?
– Eg får både fred og energi av å vera i naturen. Mannen min går på tur for å kosa seg, og brukar lang tid. Det likar ikkje eg. Når eg først er på tur, vil eg gå fort opp og ned igjen.

– Korleis møtte du mannen din?
– Eg var 18 år og hadde akkurat fått lappen. Eg stod parkert på fisketorget i byen med nokre venninner. Han gjekk forbi med nokre kameratar, og kom til å søla hamburgar på bilen min. Han gav meg ei rose som unnskyldning. Dagen etter møttest me tilfeldig på ein utestad igjen, og me har vore saman sidan. 23 år er det blitt no.

– Etter kvart flytta de til Samnanger?
– Ja, han klarte å lokka meg frå Åsane til Samnanger. Fire år etter me vart kjærastar bygde me huset her i Helgatona, og har trivest veldig godt her sidan.

– Har du eit førebilete?
– Det må vera pappa. Han er ein artig type med god arbeidsmoral. Han er veldig flittig, og får ting gjort her og no. Det treng ikkje vera heilt perfekt, berre det vert gjort.

– Denne haldninga har du teke med deg?
– Ja, eg har utført mange ulike prosjekt, alt frå å laga ting ute, som terrasse og altankassar, til ulike strikkeprosjekt. Dessverre går eg ofte litt lei før eg er ferdig, så det er mykje som vert litt halvvegs i periodar. For eksempel byrjar eg ofte å strikka på ein ny genser før eg er ferdig med den eg held på med, sidan eg vert lei av mønsteret. Men eg fullfører prosjekta til slutt, det tek berre litt lang tid i blant.

– Kva type filmar likar du?
– Fantasy-sjangeren er favoritten. Harry Potter og Ringenes Herre kan eg sjå om att og om att utan å bli lei. Men også Dirty Dancing – den kan eg nok kvar replikk i.

– Likar du overraskingar?
  Eg synest eg får for lite overraskingar. Kenneth ville nok sagt at det er fordi eg er så nysgjerrig, og helst vil ha kontroll på det meste, men eg likar det likevel. Eg har i fleire år sagt at eg vil ha ein overraskingsbursdag, så kanskje det vert i år?

– Kva er den beste gåva du har fått?
– Då me skulle byggja mur framfor huset, kom heile familien og hjelpte til med å planera, grava grus og fiksa både her og der. Det sette eg utruleg stor pris på. Elles er den største gåva å ha fått tre friske born. Det finst ikkje betre gåve enn det.

– Kjem du på eit fint barndomsminne?
– Det må vera alle campingturane me var på kvar sommar. Me har vore i nesten alle land i Europa i ein gamal brødbil, som far min gjorde om til campingbil. Det var ein av grunnane til at me kjøpte oss campingbil sjølve, slik at me kunne gje dei same gode opplevingane til borna våre.

– Har du ein favorittferiestad?
– Nei, eg likar å flytta på meg, alt etter kvar det er fint vêr og kjekke ting å oppleva. Det er alltid eg som køyrer, for eg vert så bilsjuk viss eg sit på. Me har farta rundt i heile Skandinavia, og både foreldra og begge søstrene mine er trufaste følgesveinar på turane. Alle er like impulsive, så me veit aldri kvar me endar opp.

– Er det noko du ikkje kan klara deg utan i løpet av ein dag?
– Pepsi Max. Og å senda snap til ei venninne eg jobba med på Dale. Me har over 2000 dagar i streak no!

– Ho er også ei god turvenninne?
– Ja, me har lenge hatt planar om å gå «The West Highland Way» i Skottland, som er ein tur på 154 km. Me hadde booka alt i 2020 og var klare til avgang, men så kom pandemien og sette ein stoppar for det. Men me vil få det til i nær framtid, så me trenar mot det, og går jamleg turar i skog og fjell. Planen er å vera vekke i 12 dagar, der me går i sju av dei, så får me vera litt turistar også.

– Kven vil du utfordra til neste bygda rundt?
– Anne Kristin Ask.

Bygda rundt

I dag: Marita Natås Magnesen
Alder: 40
Sivilstatus: Gift med Kenneth Tysse, tre born
Yrke: Helsesekretær/ helsefagarbeidar
Bur: I Helgatona
Utfordra av: Ingrid Rondestveit