NETT Askeladden
FOTO: Askeladden Friteater

Eg fann, eg fann!

Onsdag neste veke blir det eventyrteater for dei yngste i biblioteket.

 

Det er to av skodespelarane frå Askeladden Friteater som tek turen til Samnanger med framsyninga «Askeladden og dei gode hjelparane».

– Det er viktig å aldri slutta å formidla dei gode, gamle folkeeventyra våre, seier biblioteksjef Merethe Gauden som gler seg til ein ny runde med barneteater.

God oppdraging
Askeladden Friteater var på besøk to gonger i haust, først med framsyninga om «Gubben og katten», og så med «Snekker Andersen og julenissen».

– Eg synest dei kjem med eit veldig bra opplegg. Dei har med seg alt dei har behov for, medan eg berre treng å stilla med lokalet. Det er kjekt å invitera born til profesjonelt teater – det er god oppdraging i slikt

Alltid gratis
Denne gongen skal borna få oppleva eventyret om Espen Askeladd som skal byggja eit skip som går like godt «til lands og til vanns – og i lufta med». Kanskje klarer han alle oppgåvene kongen gjev han, og vinn både prinsessa og halve kongeriket? Han har i alle fall ein god gjeng driftige hjelparar med seg, kvar og ein med sine heilt spesielle «superkrefter».

Framsyninga er for born frå tre år og oppover og varer i rundt førti minutt. Det kostar ingen ting å koma inn.

– Barneforestillingar i biblioteket skal alltid vera gratis, konstaterer biblioteksjefen.

Meir informasjon om arrangementet på biblioteket sine heimesider.

Gubben og katten på samnangerbesøk