– Det er mykje som skjer for tida, og rekrutteringa til fotballgruppa er god, både blant dei yngste og vidare oppover, seier styremedlem og lagleiar Siw Berit Tveit.
Ekstra fokus er det på å kunna stilla med herrelag komande sesong.
– Det jobbar me mykje med no. Samnanger har ikkje hatt A-lag for herrar sidan 2017, fortel Roy Vegar Hope, som er sportsleg ansvarleg.
Med dei tre nye vaksenlaga på plass, vil fotballgruppa kunna gje eit heilskapleg tilbod til samningane.
– Då vil spelarane ha noko å strekkja seg etter heile vegen. Å behalda flest mogleg lengst mogleg, er eit mål både for oss og kretsen, seier Hope.
Har trua
Dan Martinsen er mannen som skal trena det ferske A-laget. Han kjem frå IL Fri Fotball på Espeland der han har vore hovudtrenar dei siste åra. Med seg har han assistenttrenar Sander Waage og lagleiar Aleksander Strøm, også dei frå Fri. Dei to sistnemnde skal òg spela på det nye herrelaget.
Eg har veldig stor tru på dette. Herrelaget vil bestå av mange gode spelarar på både femte-, sjette og sjuandedivisjons-nivå. Dan Martinsen, hovudtrenar
Roy Vegar Hope fortel at det var fotballgruppa som tok kontakt med trenarane. Mellom anna har han sjølv spelt på same lag som Martinsen og kjente han frå før.
– Me har jobba godt med å få på plass det nye trenarteamet og føler oss trygge på at dei kan ta oss vidare. Dette er eit stort løft for klubben, seier Hope.
A-laget vil ha ein miks av spelarar i aldersgruppa 16 til 40 år, hovudsakleg med tilhøyrsle til Samnanger. Etter planen skal dei også samarbeida med G19.
– Eg har veldig stor tru på dette. Herrelaget vil bestå av mange gode spelarar på både femte-, sjette og sjuandedivisjons-nivå, seier hovudtrenaren, som sjølv har spelt for Samnanger i si tid.
– Eg blei teken godt imot den gongen, så det å få starta opp eit A-lag her no betyr litt ekstra.
Treng fleire jenter
Eit J19-lag er også under planlegging.
– No jobbar me for å få haustens J16 over til dette nye laget. Det kan vera litt utfordrande å behalda unge spelarar sidan ein del flyttar når dei skal begynna på vidaregåande skule. Så me treng fleire for å kunna stilla eit jenter 19-lag neste sesong. Om nokon har lyst til å vera med, er det berre å ta kontakt, seier lagleiar Siw Berit Tveit.
På dette laget kan det vera spelarar frå 15-16 år og oppover. Som dei eldste har dei òg lov å ha med eit par stykke som er i starten av tjueåra.
– Det er viktig å ha eit J19-lag som dei yngre jentene kan sjå fram mot. Eg håpar også me kan få til eit damelag om nokre år, og me jobbar med få fleire kvinnelege trenarar, kommenterer Roy Vegar Hope.
Han fortel at i haustsesongen hadde fotballgruppa 18 lag. Av 225 spelarar var 92 jenter.
– Det er veldig bra, og viser at klubben gjer mykje riktig for å inkludera flest mogleg.
Heiagjeng
I tillegg til å jobba aktivt med rekruttering på alle nivå, har fotballgruppa fokus på opplæring av trenarar og dommarar. Dei jobbar også mykje med Fair play, det vil seia verdiarbeidet som ligg til grunn for det som skjer på og utanfor bana.
I samband med det nye A-laget ønskjer dei òg å setja meir fokus på supporterane, slik at Hagabotnane blir ein god møteplass der det er kjekt å koma saman for å heia på heimelaget sitt.
– Eg håpar dette skal bli positivt for bygda, og at det kan vera ein happening å koma og heia, seier assistenttrenar Sander Waage.
– Lag som til dømes Vaksdal har ein god supporterkultur, og litt effektar som skjerf og liknande hadde vore fint å få til i Samnanger også. Ein kan gjera mykje som kostar ganske lite, legg Dan Martinsen til.
Krevjande treningsforhold
Berre på eitt område har fotballgruppa i Samnanger ei utfordring, og det gjeld moglegheitene for å kunna trena året rundt.
– Som du ser er det ikkje så lett å spela fotball her no, seier Roy Vegar Hope og peikar mot kunstgrasbana som denne novemberdagen er drukna i eit tjukt lag is og sørpe.
Samnanger har ei bane med kork, og fotballgruppa er glad for at det er valt eit alternativ med fokus på miljøet. Ulempa er at når gradene kryp nedover mot minus, blir bana hard og tidvis uforsvarleg å trena på – sjølv om kommunen dei to siste åra har brøyta ho.
– Det blir sagt at fotballen i Samnanger har eit tilbod gjennom heile året. Det er berre delvis sant, fastslår Hope.
Vanlegvis kan ein trena i Hagabotnane i åtte månader, litt avhengig av korleis vinteren er.
– Kommunen har vore veldig positiv og bidrege med brøyting slik at me kan koma i gang med treningane etter påske og få tidleg sesongstart.
Idrettsanlegget ligg der det ligg, og me vil jobba for å styrka og utvikla dette vidare. Roy Vegar Hope.
Ønskjer hall
Fotballgruppa har fått tildelt treningstider innandørs i gymsalane.
– Det er frykteleg trongt om plassen, og ein gymsal er ikkje noko godt alternativ. Til det er dei for små og underlaget er ikkje eigna for fotball, seier Roy Vegar Hope og legg til:
– For vår del er det ingen tvil om at me no sterkt ønskjer oss ein hall i Hagabotnane. Behovet er absolutt der, både for fotball og handball.
Dette kan også opna for andre aktivitetar, påpeikar fotballgruppa. Ein hall vil gje idrettslaget og lokalsamfunnet fasilitetane ein treng for å veksa og utvikla seg, noko som vil vera positivt med tanke på styrking av folkehelsa.
– Me opplever at mange klager på tilkomsten. Med det nye busstilbodet, ny tursti og utbetring av vegen den siste biten opp til anlegget, har det trass alt blitt ei betring på dette området. Idrettsanlegget ligg der det ligg, og me vil jobba for å styrka og utvikla dette vidare, seier Roy Vegar Hope.