HELDT MINNETALE. Allereie klokka ni på nasjonaldagen var ordførar Karl Kollbotn med og heidra dei som fall ved Fossen bratte under krigen.
HELDT MINNETALE. Allereie klokka ni på nasjonaldagen var ordførar Karl Kollbotn med og heidra dei som fall ved Fossen bratte under krigen. FOTO: Knut Harald Frøland

– Fred er ikkje sjølvsagt

– Dei som ofra livet for oss her ved Fossen bratte, gjorde det ikkje forgjeves, sa ordførar Karl Kollbotn i minnetalen 17. mai.

Allereie i ni-tida starta markeringa av nasjonaldagen i Samnanger. Då samlast kvemmingar og samningar ved minnesteinen over dei som fall ved Fossen bratte under andre verdskrigen. Samnanger-ordførar Karl Kollbotn var mellom dei som heldt minnetale.

– Under tysk angrep sette tre modige menn livet til her i det første krigsåret. Det var: Arne Soldal (28) Lars Vangdal (31) og Sjur Mo (21). Det er ei ære å få heidra desse flotte ungdomane, sa han og heldt fram:;

– Fred er ikkje sjølvsagt i verda i dag. I vårt eige nabolag pågår det krigshandlingar som set preg på alle dei som deltek i kampane. Dei kjempar for landet sitt på lik linje med dei som gav livet her ved Fossen bratte. Lat oss håpa at dei som kjempar i Ukraina også får oppleva eit land i fridom ein dag, på lik linje med oss her i Noreg.