PROFESJONELL HJELP: Eystein Markmanrud (t.h.) er medarbeidaren som kjem til å jobba mest i det nyopna polet.  Han kan gje   samningane gode tips til kva som er bra å kjøpa til dei ulike føremåla. Her er det Jostein Naalsund som vert ekspedert.
PROFESJONELL HJELP: Eystein Markmanrud (t.h.) er medarbeidaren som kjem til å jobba mest i det nyopna polet. Han kan gje samningane gode tips til kva som er bra å kjøpa til dei ulike føremåla. Her er det Jostein Naalsund som vert ekspedert. FOTO: Bente Bødker

Ein stor dag for Samnanger

Torsdag klokka 12 vart Asia Bjørkheim og Vinmonopolet sitt utsal opna på Bjørkheim. Fleire samningar hadde møtt opp for å oververa hendinga. Karl Kolbotn og tidlegare ordførar Knut Harald Frøland klipte den raude snora saman.

– Dette er ein stor dag for oss. Det er fantastisk at Vinmonopolet har vore villig til å satsa på Samnanger. Dette er svært positivt for handelsstanden, og vil mest sannsynleg gje positive ringverknader med meirsal også i dei andre butikkane her. No er me plutseleg urbane, og ikkje berre ein stad ute i provinsen. Det er eit lite steg for Vinmonopolet, men eit stort steg for Samnanger, seier ein nøgd ordførar, Karl Kolbotn.

– Urbant vinmonopol og urban butikk ved sida av, er det ein av dei oppmøtte som kommenterer.

Lang prosess
Tidlegare ordførar Knut Harald Frøland har jobba i mange år for å få Vinmonopolet til Samnanger, difor fekk han æra av å klippa snora saman med noverande ordførar.

– Ein del av grunnen til at me har Vinmonopolet her i dag, er Knut Harald sin innsats. Han har ikkje gjeve opp, og det er bra. Det er også svært bra at Ragnar Brigtsen har stått på for at dette skal bli ein realitet i kommunen vår. No manglar me berre eit apotek, og så har me nesten alt me treng innanfor kommunegrensene våre, seier Karl Kolbotn.

OPTIMISTAR: Monica og Erlend Steinsland gler seg til å selja spesialvarer til samningane, og håpar mange vil nytta seg av tilbodet. FOTO: Bente Bødker

Positivt
Vinmonopolet feira opninga med å servera kake og alkoholfri sider etter at snora var klipt, og folk strøymde til for å sjå kva dei to butikkane hadde å tilby.

– Eg synest det er kjempebra at desse butikkane har opna her i dag. Aktivitet tiltrekkjer seg aktivitet, meiner kommunen sin næringsutviklar, Joachim Mathisen.

Vinmonopolet sel drikkar både med og utan alkohol, og Asia Bjørkheim har både takeaway og eit variert utval av ulike matvarer, så her kan ein få alt ein treng til ein god middag.

LYKKEBOBLER: Berit Tysseland gler seg til å smaka på boblene ho har kjøpt. FOTO: Bente Dyrøy Bødker