– Me vil gjennomgå heile prosjektet, både det store biletet rundt forsyning av kraft til den største pågåande utbygginga på norsk sokkel, og informera om all planlagt aktivitet i Samnanger, opplyser pressetalsperson Ole-Johan Faret.
Det er prosjektleiar Tormod Huseby som vil presentera status og planar for arbeidet.
– Han skal orientera om korleis byggjeprosjektet vil påverka lokalsamfunnet, og kva me gjer for å redusera ulemper og tilpassa utbygginga, slik at ho kan gjennomførast på ein så rask og god måte som mogeleg, seier Ole-Johan Faret i Aker BP.
Han legg til at det vert god tid til å stilla spørsmål.
Som kjent skal selskapet henta straum i Samnanger for å driva installasjonar på nye olje- og gassfelt i Nordsjøen. Prosjektet omfattar både ny transformatorstasjon, ni kilometer kraftlinje, jordkabel og samankobling med sjøkabelen som skal gå ut Samnangerfjorden.