HER KAN DU GÅ: Nokre av dei nye pilskilta som skal visa veg ute i løypene. I tillegg til å gje informasjon om løypenettet, viser dei også veg vidare til mellom anna turløypa i retning Tohaugen.
HER KAN DU GÅ: Nokre av dei nye pilskilta som skal visa veg ute i løypene. I tillegg til å gje informasjon om løypenettet, viser dei også veg vidare til mellom anna turløypa i retning Tohaugen. FOTO: Langrennsgruppa

Skal gjera det lettare å finna fram i Totræna

Vinterparken i Totræna vert stadig meir populær, også langt utanfor kommunegrensene. No jobbar langrennsgruppa med å forbetra skiltinga, både av vegen opp til anlegget og ute i terrenget. 

– Det kjem stadig folk som besøkjer anlegget for første gong, og det er viktig at det er enkelt å finna fram, påpeikar Kevin Bolstad i langrennsgruppa.

Til fjorårets krinsmeisterskap fekk dei laga eit stort skilt som viser alle løypene med lengde og høgdeprofil. Dette er plassert ved stadion. Det var Oskar Røen som laga skiltet på dugnad. Langrennsgruppa fekk også tilbod frå eit firma i Os, men dei ville ha over 100.000 kroner for jobben.

– Så det var heilt utruleg at Oskar fekk målt opp løypene, lagt inn høgdemeter og designa skiltet, seier Kevin.

Ute i løypene skal det koma opp pilskilt med dei same fargekodane som løypekartet. Desse skal erstatta dei heimelaga versjonane som heng ute no, og vil verta sette opp før sesongen startar.

ENKLARE Å FINNA VEG: Løypekartet som er plassert på stadion har fargekodar, og desse vil også gå igjen i skilta som kjem opp ute i løypene. FOTO: Langrennsgruppa

Mange går feil veg
Ei anna utfordring som har ført til behov for betre skilting ute i løypene er at mange går i feil retning, og det kan skapa farlege situasjonar. No er dei gamle laminerte A4-arka bytte ut med nye aluminiumsskilt som viser løyperetninga.

– Dei nye skilta er mykje meir synlege, og me håper dette vil bidra til at færre går feil, kommenterer Kevin Bolstad.

Skiltinga i løypenettet er det langrennsgruppa som har betalt. Dei har elles undersøkt moglegheitene for ekstern finansiering gjennom kommunen og andre plassar ein kan søkja, men konkluderte med at skiltinga var så viktig å få på plass for den komande sesongen at dei valde å dekkja kostnaden sjølve.

Hamnar i Hagabotnane
Langrennsgruppa har også fokus på å gjera det enklare for folk som ikkje er så godt kjende i kommunen å finna vegen opp til vinterparken. I dag er det greitt merka ved avkøyringa frå FV 49 og inn mot Frøland, men når ein kjem til Tveit, kan ein koma i tvil. Her står det skilt som viser veg til eit idrettsanlegg, det vil seia Hagabotnane. Det er ikkje skilta i retning Totræna.

– Dette forvirrar mange og har vore eit problem lenge. Det er enkelt å tenkja at idrettsanlegget er det same som Totræna, kommenterer Kevin Bolstad.

Han fortel at på til dømes Samnangerrennet, det årlege krinsrennet som trekker løparar frå heile regionen, har mange køyrt feil og hamna i Hagabotnane på grunn av uklår merking.

– Me har forsøkt i fleire år å få fylkeskommunen til å forbetra skiltinga her. No har kommunen kontakta fylkeskommunen i saka, så me håpar det vert ordna før årets sesong, opplyser Kevin og legg til at langrennsgruppa generelt er veldig fornøgd med engasjementet frå kommunen og kor raske dei har vore til å ordna opp når gruppa har etterlyst noko.

DUGNADSPROSJEKT: Kevin Bolstad har tru på at forbetring av skiltinga i Totræna vil gje dei besøkjande ei endå betre oppleving av området. FOTO: Arkiv

Populært turområde
Mange turgåarar nyttar anlegget i Totræna som utgangspunkt for turar vidare til fjells året rundt. Langrennsgruppa har vurdert moglegheita for å laga eit stort informasjonsskilt med vegbeskriving til Vardane, men har kome fram til at dette bør vera nokon andre sitt ansvar, og har difor ikkje gått vidare med planane.

– Vår hovudoppgåve er å læra folk, spesielt born og ungdom, å gå på ski. Totræna drivast 100% på dugnad, og alle inntekter går direkte tilbake til anlegget og til støtte for langrennssporten. Me forsøkjer difor kontinuerleg å bruka midlane våre på ein måte som gagnar Totræna, påpeikar Kevin Bolstad.