PÅ VIPPEN: Høgre-leiar Arild Røen har ei nøkkelrolle når det gjeld å avgjera kven som vert ordførar i neste periode. Onsdag var han i samtalar med Ap, MDG og INP. I kveld er det resten av partia som står for tur.
PÅ VIPPEN: Høgre-leiar Arild Røen har ei nøkkelrolle når det gjeld å avgjera kven som vert ordførar i neste periode. Onsdag var han i samtalar med Ap, MDG og INP. I kveld er det resten av partia som står for tur. FOTO: Arkiv

Trur Samnanger må diskutera 1-10-skule på nytt

Han er skeptisk til fleirbrukshall på Bjørkheim, og meiner det kan vera betre å samla hall og skular på same stad. Men Høgre sin listetopp, Arild Røen, fryktar driftskostnadane.

– Nemn tre saker som vert viktige for Høgre dei neste fire åra?
– 1) Å sikra at Samnanger kan levera gode tenester innan oppvekst og omsorg. Eg meiner at det politiske utvalet som hadde ansvar for dette området bør gjenopprettast – i første omgang gjerne som ein «pilot» i eitt år. Hadde eg vore leiar i eit slikt utval, ville eg ha gått i dialog med både kommunalsjef, einingsleiarar og tillitsvalde for å få eit godt bilete av korleis det står til. I dag trur eg at mykje informasjon ikkje når fram til oss politikarar.
2) Næring og verdiskaping. Me må stilla større krav til bedrifter som vil etablera seg i Samnanger. No kan kommunen selja tomter i Rolvsvåg industriområde som berre vert brukte til lager. Me må krevja at næringsdrivande som kjem hit etablerer arbeidsplassar. Det er det me treng. I tillegg må me få næringsareal nær fylkesveg 49, og syta for at me kan tilby rimelege bustadtomter. Det siste trur eg ikkje me klarar utan at kommunen går inn med midlar. Billege tomter er det konkurransefortrinnet me kan ha framfor kommunar rundt oss. Vedlikehaldsetterslepet er stort, og dette må me også ta tak i snarast.
3) Få på plass ny brannstasjon. Her er tida overmoden. Eg trur at både Tjoraklumpen ved Nesodden, innkøyringa til Lønnebakken og eit areal ovanfor Fv49 på Bjørkheim kan vera aktuelle stader. På Tysse vert det for trongt. Men her må fagfolka seia kva dei meiner – og vera med og prioritera.

– Kva er du mest ueinig i av det kommunestyret har vedteke i inneverande periode?
– At det vart sett i gang arbeid med å endra områdeplanen for Bjørkheim. Det har skapt frustrasjon blant dei næringsdrivande og ekstra arbeid for oss politikarar, ikkje minst med tanke på å frigjera areal til pol og apotek. Etter mitt syn bør ein områdeplan omfatta eit langt større område enn det som no er tilfelle.

– Bør Samnanger framleis ha eigedomsskatt?
– Som høgremann er svaret nei. Som lokalpolitikar trur eg at me kjem til å ha behov for noko av desse inntektene også i framtida. No er satsane på hus og hytter kraftig reduserte allereie, men me har ikkje gjort noko med eigedomsskatten på næring. I Samnanger betalar bedriftene og kraftselskapa toppsatsen på sju promille. I Bjørnafjorden er satsen null. Dét kan ha noko å bety for kvar nye bedrifter etablerer seg, og er kanskje noko me må sjå nærare på.

Skal kommunen ha eit godt arbeidsmiljø, må einingane ha nok tilsette. Då får me også ned fråværet.

– Kva meiner du om den planlagde fleirbrukshallen på Bjørkheim?
– Høgre er i utgangspunktet for ein hall, men me er redde for kva konsekvensar dei høge driftsutgiftene kan få. Dessutan tenkjer me at det snart vil pressa seg fram behov for å byggja ny ungdomsskule. Kva gjer me då? Kanskje det mest fornuftige vil vera å byggja nytt for alle klassestega frå 1. til 10. trinn? I så fall går det gjerne an å finna ei løysing der også hallen vert integrert, slik at me kan oppnå fordelar gjennom sambruk.

– Å auka grunnbemanninga i sektorane oppvekst om omsorg har vorte eit heitt tema i valkampen. Kva meiner du om dette?
– Eg forstår at særleg barnehagane slit med bemanninga, og at det kan vera tøft for dei som er att når nokon er sjuke. Skal kommunen ha eit godt arbeidsmiljø, må einingane ha nok tilsette. Då får me også ned fråværet. Difor meiner eg at me bør gjennomføra eit prøveprosjekt på minst eit halvt år der me aukar bemanninga – for å sjå om det har nokon effekt. Det har me råd til.

– Du er oppteken av samferdsel. Kva må Samnanger gjera for  å få betre vegar?
– Me er nøydde til å bruka meir pengar på vedlikehald. Eg trur at fleire av dei kommunale vegane må masseutskiftast for å verta trygge og stabile. Elles må Samnanger arbeida aktivt saman med Kvam, Ullensvang og fylkeskommunen for at tunellen under Kvamskogen skal verta realisert. Eg meiner også at det er viktig å få gjort noko med vegen til Rolvsvåg. Å forskottera midlar til punktutbetring kan vera ein måte å få fortgang i arbeidet på.

– Korleis ser Høgre på å få fleire oppdrettsanlegg i fjorden?
– Me er positive, fordi det gjev fleire arbeidsplassar og meir inntekt til kommunen. Samnanger er no mellom dei oppdrettskommunane som får lågast utbetalingar frå Havbruksfondet. Med større aktivitet vil me auka tilskotet. Men skal me bruka meir av fjorden til oppdrett, må det skje på ein miljøvennleg måte. Det skjer mykje utvikling innan oppdrett som støttar dette.

– Du er Høgre sin einaste representant i kommunestyret. Kor mange trur du de vert dei neste fire åra?
– Det er tungt å vera åleine-politikar. Difor håpar eg at partiet får inn minst to eller tre. Me har ingen kumulerte på lista, så det er fullt og heilt opp til veljarane å bestemma kven som skal representera Høgre fram til 2027.

– Kven synest du det er naturleg å samarbeida med etter valet?
– Me har hatt eit greitt forhold til Ap og MDG i inneverande periode, men me er opne for andre alternativ. Eg trur at mange samningar ønskjer ei endring etter åtte år med Bygdalista i førarsetet. Kanskje me kan få på plass eit borgarleg fleirtal i neste periode?

– Er du sjølv ein aktuell ordførarkandidat?
– Nei, eg har nyleg vorte pensjonist og ønskjer ikkje ein ny jobb der eg må vera tilgjengeleg døgnet rundt. Høgre kan støtta fleire av dei som har sagt dei er ordførarkandidatar.

Listetoppen

I dag:
Arild Røen
Høgre
Alder:
65 år
Yrke: Pensjonist og småbrukar
Bustad: Rødne
Politisk erfaring: Tre og ein halv periode som representant i kommunestyret. Leiar i kontrollutvalet dei siste fire åra. Mangeårig leiar i Samnanger Høgre.
Hjartesak: At Samnanger kommune er ein god arbeidsstad med godt arbeidsmiljø.