IKKJE SKRÅSIKRE: Senterpartiet sine representantar i Samnanger vil vita meir om bemanningsnivået innan einingane for oppvekst og omsorg før dei konkluderer.
IKKJE SKRÅSIKRE: Senterpartiet sine representantar i Samnanger vil vita meir om bemanningsnivået innan einingane for oppvekst og omsorg før dei konkluderer. FOTO: Illustrasjonsfoto Scanstockphoto.com

Debatt:

Sp – det trygge alternativet

Hall, vedlikehald og «grunnbemanning» har vore dei mest omtalte sakene i valkampen. Sp si meining om hall kjem fram i eit anna innlegg. Når det gjeld vedlikehald, meiner me det er rett å ta eit kraftig løft no medan inntektene er så gode. Me bør rett og slett rusta både vegar og hus for dårlegare tider igjen, for dei vil nok koma.

Om det tredje emnet, bemanninga, vil me seia dette: Politikarane har fått innspel om dette med heilt motsett forteikn. Tilsette «på golvet» ønskjer meir folk i einingane og meiner dette vil få ned sjukefråværet. Rådmannen (og leiarane under han) seier på si side at det er nok folk, og at bemanninga til dels er høgare enn i kommunane rundt oss. Han seier òg at det er vanskeleg å sjå nokon klar samanheng mellom sjukefråvær og grunnbemanning.

Dei politiske partia har valt kvar si side her. Bygdalista er heilt avvisande til å setja inn fleire folk, andre parti ser fullstendig bort frå rådmannen sine vurderingar. Sp prøver også i denne saka å vera nokolunde balanserte og ryddige.

For det første har me sagt at me vil ta signala frå dei tilsette på alvor. Statistikk og gjennomsnittstal fortel ikkje alt. Me må òg sjå på den konkrete arbeidskvardagen til dei som arbeider i barnehage, skule og eldreomsorg og ikkje lettvint stempla historiene til fotfolket som syting e.l.

Men i verste fall kan ein einsidig auke i bemanning kamuflera andre problem på arbeidsplassane. Me treng difor grundigare rapportar om arbeidstilhøva i dei ulike einingane, der ein ser på fleire variablar enn det som går på tal tilsette. Det kan m.a. vera dei fysiske tilhøva (arbeidsklede, bygningar, bilar osv.): Eit lite døme på dette er carporten som dei har fått ved Samnangerheimen (etter framlegg frå Sp). No slepp heimesjukepleia å skrapa is og snø av bilane før dei reiser ut.

Det kan òg vera interessant å sjå på leiing og organisering, tilpassa arbeidskvardag, eller slike ting som mogelegheitene til etter-/vidareutdanning osv.

Kor mange fleire tilsette treng me? Skal me tilsetja folk for fire, sju eller ti millionar?

Det er òg viktig å vita kva som er langvarige utfordringar i einingane og kva som er meir akutte, kortsiktige problem. T.d. vil me tru at det i desse tider er bruk for meir folk i barnehagane viss dei må ta seg av flyktningborn som har større språkvanskar enn andre born.

Det er lov å vera usamd med rådmannen; det har me i Sp vore rett som det er. Men politikarane kan ikkje setja rådmannen heilt til sides heller. Som ansvarlege politikarar må me i det minste høyra på opplysningane og argumenta rådmannen kjem med. Det meiner me nokre av partia ikkje har gjort når dei det siste året har kome med tilfeldige tal på millionar som skal gå til å auka bemanninga – utan å ha skikkeleg saksutgreiing i botnen.

For her er det mange spørsmål å ta stilling til viss me konkluderer at høgare bemanning er den (einaste) rette medisinen: Kor mange fleire tilsette treng me? Skal me tilsetja folk for fire, sju eller ti millionar? Skal desse millionane smørjast likt ut over alle einingar? Kva slag stillingar er det som trengst mest innanfor dei ulike einingane? Kommunestyret kan ikkje ta stilling til alt dette utan å ha rådmannen med på laget i den konkrete gjennomføringa av ein bemanningsauke.

Oppsummert så har Sp førebels ikkje skråsikre meiningar om bemanningsnivået i Samnanger. Me vil rett og slett vita meir før me konkluderer. Og så meiner me at dette også må vera ein del av den overordna debatten om drift og investeringar, dvs. om kva kommunen samla sett har råd til på kort og lang sikt.

Me synest at det i denne valkampen har vore lita merksemd rundt inntektene til kommunen og kor trygge dei er. Politikarane har vore nokså einsidig opptekne av å bruka pengar og ikkje av kvar pengane kjem frå.     

Me meiner òg at fleire viktige saksområde har vore meir eller mindre gløymde før valet. T.d. ser det ut til at fleire parti enno ikkje har teke innover seg at eldrebølgja er rett rundt hjørnet. Senterpartiet lovar å vera pådrivar for å sjå heilskapen i det kommunen driv med. Godt val!