MÅ VERTA BETRE: Samnanger Høgre vil jobba for at SFO har meir ope i feriar, utan tillegg i foreldrebetalinga, skriv innsendaren.
MÅ VERTA BETRE: Samnanger Høgre vil jobba for at SFO har meir ope i feriar, utan tillegg i foreldrebetalinga, skriv innsendaren. FOTO: Illustrasjon Scanstockphoto.com

Debatt:

SFO har for dårleg tilbod

SFO er ein viktig arena for dei borna som nyttar seg av tilbodet, men også ein viktig arena i samfunnet, for at samfunnshjulet skal gå rundt. SFO bidrar kraftig til at arbeidslivet kan gå sin gang. Veldig mange born brukar mykje tid her, og alle born bør ha sjansen til å kunna delta.

Betalar ein for full plass på SFO, skulle ein kanskje tru at haust- og vinterferien er inkludert i prisen. Ein betalar trass alt like mykje for oktober (haustferie veke 41) og februar (vinterferie veke 9) som ein gjer i til dømes april månad. Men slik er det ikkje i Samnanger.

Her i kommunen må ein betala ekstra for desse ferievekene, og det er ikkje reint lite heller: Heile 290 kroner per dag per barn i haust- og vinterferien. Dette gjeld for øvrig i juni òg. Har ein full plass, betalar ein for heile juni, men siste veka (veke 26) er likevel berre for dei borna som har føresette som har råd til å betala 290 kroner per dag per barn, sidan skulen sluttar veka før.

I Samnanger må ein betala ekstra for  ferievekene, og det er ikkje reint lite heller

Desse ferievekene (veke 41, 9 og 26) er det mange foreldre som ikkje har eller kan ta fri, i alle fall ikkje viss ein skal ha nok ferie til gode når både jule -, påske – og sommarferien står for tur. SFO i Samnanger har nemleg stengt i fem veker om sommaren, i tillegg til påskeferien og romjula. Det seier seg sjølv at det blir vanskeleg for mange foreldre å få kabalen til å gå opp, spesielt sidan SFO ikkje lenger blir eit alternativ grunna prisen. Dette vil Høgre gjera noko med. Me vil arbeida for at SFO har meir ope i feriar, utan tillegg i foreldrebetalinga.