KLART FOR VAL I KYRKJA: På måndag kan alle samningar som er femten år eller eldre og medlemmar av Den norske kyrkja røysta ved kyrkjevalet.
KLART FOR VAL I KYRKJA: På måndag kan alle samningar som er femten år eller eldre og medlemmar av Den norske kyrkja røysta ved kyrkjevalet. FOTO: Marianne A. Reistad

Tid for å velja nytt sokneråd

Deltakinga ved kyrkjevalet i Samnanger er over landsgjennomsnittet, men likevel ikkje særleg høg. På måndag får samningane ein ny sjanse til å vera med og bestemma kven som skal styra kyrkja.

Den 11. september, same dag som kommunestyre- og fylkestingsvalet, er det også kyrkjeval. Då kan alle som er medlemmar av Den norske kyrkja røysta på kven som skal sitja i soknerådet, bispedømmet og på kyrkjemøtet dei komande fire åra.

Til soknerådsvalet i Samnanger er det nominert ti personar. Rådet består av seks medlemmar og fire varamedlemmar, så i praksis vil alle dei ti verta valde.

– Kva er grunnen til at det er så få kandidatar å velja mellom?

– Slik eg har forstått på nominasjonsnemnda er det vanskeleg å få folk til å stå på liste. Så denne gongen vert det berre å velja mellom kven som skal vera medlemmar i rådet og kven som skal vera vara, opplyser kyrkjeverje Britt Haukanes. Ho fortel at det ikkje har vore to lister til soknerådsvalet i Samnanger sidan Bertel Olai Botnevik si preste-tid på 1980-talet.

Vel leiar kvart år
Soknerådsmedlemmane vert valde for fire år, men det er val på leiar og nestleiar kvart år. Rådet sjølv vel då mellom sine medlemmar. I 2022 og 2023 er det Gullborg Marie Kongestøl Aasgaard som har vore leiar av soknerådet i Samnanger. Ho kom med i rådet i 2016, og tok over leiarvervet då Anlaug Røen Hauge trekte seg.

Soknepresten er sjølvskriven medlem i rådet. I tillegg har politikarane med ein kommunal representant i kyrkjestyresaker. Han eller ho er ikkje direkte vald, men vert peika ut av kommunestyret, opplyser Britt Haukanes.

Blant kandidatane til årets soknerådsval er det både gamle travarar og nokre nye fjes.  Gullborg Marie Kongestøl Aasgaard står øvst på nominasjonsnemnda si liste, med Hilde Maraas Aarvik som nummer to og nykomar Thomas Walravens som nummer tre. Kandidatane er ikkje førehandskumulerte. Nye på lista er også Julie Langeland Vevle og Lillian Høysæter-Svendsen.

Oppslutninga om kyrkjevalet i Samnanger har vore over landsgjennomsnittet dei to siste gongane, men er ikkje så god samanlikna med kommunestyrevalet, påpeikar kyrkjeverja og legg til at valet kanskje har mest interesse for dei som er faste kyrkjegjengarar.

– For dei siste to kyrkjevala var det 16 og 20 prosent av medlemmane som stemte. Det er altfor lite i høve til medlemstalet, men høgare enn det var då valet var i kyrkja etter ei gudsteneste.

Digital førehandsrøysting
Kyrkjevalet går no føre seg i same lokale som kommunestyre- og fylkestingsvalet, men i ulike rom. Vallokala er på ungdomsskulen, Samnangerheimen og biblioteket på Bjørkheim. Det er ikkje sendt ut valkort til kyrkjevalet. Veljarane må ta med gyldig legitimasjon.

I år har det for første gong vore mogleg med digital førehandsrøysting til kyrkjevalet. Kyrkjekontoret veit foreløpig ikkje kor mange samningar som har nytta seg av dette tilbodet.

Den digitale førehandsrøystinga vart avslutta i onsdag.

Kyrkjevalet

Måndag 11. september
Alle som er medlemmar av Den Norske kyrkja og over 15 år kan røysta på kven som skal sitja i soknerådet, bispedømmet og på kyrkjemøtet dei komande fire åra

Røystelokale:
Samnanger ungdomsskule
Samnangerheimen
Biblioteket på Bjørkheim

Ved utgangen av 2022 var 3,5 millionar personar medlemmar av Den norske kyrkja, det vil seia 63,7 % av befolkninga i Noreg.
I Samnanger er 79,8 % kyrkjemedlemmar

Meir informasjonwww.kyrkjevalet.no og www.samnanger.kyrkja.no