ER MINIMUM GODT NOK?: Innsendaren meiner at kvaliteten på tilbodet til dei minste lir under den bemanninga Samnanger kommune har i barnehagane i dag.
ER MINIMUM GODT NOK?: Innsendaren meiner at kvaliteten på tilbodet til dei minste lir under den bemanninga Samnanger kommune har i barnehagane i dag. FOTO: Illustrasjon Scanstockphoto.com

Debatt:

– Kva slags tilbod vil me gje dei minste?

Kva er «god bemanning»? Er det å liggja på eller over minimumsnorma eller gjennomsnittet i kommunenoreg?

Det er ikkje høve til å ligga under minimumsnorma. Norma er ei sikringsordning frå styresmaktene. Utan den kunne bemanninga fort vore endå lågare.

Når det gjeld «det heilage gjennomsnittet», er det slik at om alle skal ned på snittet, vil snittet etter kvart gå ned, det også, saman med kvaliteten. Det er enkel matematikk.

Spørsmålet er: Er det slik me vil ha det i Samnanger? Er det dette tilbodet me vil gje dei minste? For det er for dei det er kritisk, noko mellom anna sjukefråværet fortel oss; tilsette som strekkjer seg og strekkjer seg, og likevel går heim med dårleg samvit. Når Utdanningsforbundet Samnanger (UDF) uttalar seg om bemanning, er det fordi me ser at kvaliteten i tilbodet til dei minste lid under den bemanninga som er i dag.

Auka bemanning er eit kinderegg: Meir pedagogisk innhald, betre kvalitet i tilbodet, betre utvikling og tryggleik for dei minste, borna sitt beste i fokus, mindre sjukefråvær, nøgde tilsette og lågare vikarbudsjett.

Det spelar inga rolle for borna kvifor dei tilsette er fråverande. Faktum er at dei ikkje er tilstades og tryggar barnet, så det kan vera sikra ei god utvikling. For nokre få år sidan blei det brukt fleire hundre tusen kroner på eit prosjekt for å få ned sjukefråværet i barnehagen. Var det hjelp i å få ergonomiske hjelpemiddel? Det er mogleg, men det hjelpte ikkje til med å auka tida til dei minste.

Mange kommunar har gjort forsøk med auka bemanning. Det har fått ned sjukefråværet, og dermed auka ansiktstida for kvart barn, og det er jo dette som er poenget! Ikkje først og fremst at tilsette skal halda seg friske. Bemanninga skal opp for borna sin del. Ansiktstida bør nemleg vera med det same ansiktet. Ingen barn blir trygge av at det stadig er nye ansikt å halda seg til i barnehagen. Dei yngste borna er babyar! Dei kan starta i barnehagen frå dei er sju månader gamle. Den «gode bemanninga» ein er så nøgd med, gjeld forøvrig berre i to og ein halv til tre timar midt på dagen (sjå utrekning i anna innlegg). Likevel kan det vera 15 born på plass kl. 07.50, men berre éin barnehagelærar.

Mange kommunar har erfart at når bemanninga går opp, går sjukefråværet ned, og borna får det betre i barnehagen. Dei held difor fram med prøveordningane sine.

Forskinga fortel oss at gutane klarer seg betre som vaksne om kommunen brukar meir pengar på skule og barnehage. Under overskrifta «Bemanning og hensynet til barnas beste», skriv Berit Bae, prof.em. barnehagepedagogikk ved Oslo Met: «Barna trenger flere ansatte sammen med seg hele dagen, og flere med relevant barnehagefaglig bakgrunn. Ellers er det en risiko for at den kritiske bemanningssituasjonen vi har i dag, vil bidra til lærevansker og sosiale problemer hos barna senere i livet». (2023)

Slike bidrag vil me ikkje ha meir av!

Auka bemanning er eit kinderegg: Meir pedagogisk innhald, betre kvalitet i tilbodet, betre utvikling og tryggleik for dei minste, borna sitt beste i fokus, mindre sjukefråvær, nøgde tilsette og lågare vikarbudsjett. Kvar er feilen?

Jau, det kostar pengar, truleg meir enn vikarbudsjettet. Bør ikkje borna sitt beste likevel prioriterast? Skuldar me ikkje dei minste det?

Både tilsette og føresette er veljarar! Les partiprogramma nøye før du gjev di stemme!