Å gjera noko med lysureininga er lågthengande frukt, berre ein har ein god plan, påpeikar innsendaren.
Å gjera noko med lysureininga er lågthengande frukt, berre ein har ein god plan, påpeikar innsendaren. FOTO: Scanstockphoto

Debatt:

På tide å ta grep mot lysureininga

To opplevingar frå i sommar: Ein stad i Frankrike køyrer eg forbi eit skilt som fortel at kommunen eg er i satsar på å redusera unødvendig lysbruk om kvelden og natta.

Vel heime i Noreg spaserer eg i Hagabakkane ein sein sundagskveld. Ikkje berre er det veglys langs vegen, på idrettsanlegget er ein stor lampe tent, sjølv om dei einaste som er der, tilsynelatande er nokre utanlandske bubilturistar som har funne ein fredeleg parkeringsplass å sova på. Eg trur ikkje dei har bruk for lys.

Eg veit at dette kan synast som ein bagatell. Det er det diverre ikkje.

I 2016 vart det publisert eit atlas over kunstig lysstyrke på nattehimmelen, som mellom anna synte at meir enn 99 prosent av Europa si befolkning bur i lysureina område. Og kva tyder det? Ein ting er det at lysureininga vert som ein slags dis på himmelen, slik at stjernehimmelen «forsvinn». Ei anna sak er det at insekt og fuglar, både pattedyr og amfibiar, og jamvel også plantar, vert påverka av lysureininga. Korleis ho påverkar fisk veit me mindre om, men det har kome forsking som tyder på at lysureining har konsekvensar for laksen.

I tillegg: Unødvendig lys er også sløsing – kilowattimar og pengar kasta ut av vindauga.

Heldigvis er dette ikkje det vanskelegaste å gjera noko med, verken på heimebane eller i det offentlege. I blant handlar det rett og slett om å sløkkja lyset. I blant handlar det om betre lysdesign.

Insekt og fuglar, både pattedyr og amfibiar, og jamvel også plantar, vert påverka av lysureininga.

Og nettopp difor har Miljøpartiet Dei Grøne gjentekne gonger teke opp tematikken i kommunestyret i Samnanger. Å gjera noko med lysureininga er lågthengande frukt, berre ein har ein god plan. I februar 2021 vart det også gjort eit samrøystes vedtak. Der bad kommunestyret om ein gjennomgang av eksisterande kommunal lysbruk, med siktemål å redusera den som er unødvendig. Kommunestyret ville ha ei eiga sak lagt fram om dette. Me bad også om at tiltak for å redusera lysureining skal bakast inn i kommunen sin klima- og energiplan.

Kommunestyresaka ventar eg stadig på. Og når det gjeld planarbeidet til kommunen, er det på etterskot på dei fleste område. Klima- og energiplanen er no lagt inn som ein del av arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel, men arbeidet med kommuneplanen er jo også på etterskot.

Trass alt lyset, kunne ein kanskje koma til å sjå mørkt på det. Men det er framleis ikkje så vanskeleg å gjera noko med dette. Snart håpar eg at bubilturistane som kjem til Samnanger kan sjå eit tilsvarande skilt som det eg såg i ein stad i Frankrike. Men viktigare: At dei på parkeringsplassen kan sjå Mjølkevegen, og ikkje flaumlys. På vegen kan me kanskje sitja att med litt lågare driftsutgifter på kommunebudsjettet.