KVA MED DEI SOM KJEM ETTER OSS? «Skogar brenn ned, jord tørkar ut, elvar fløymer over og artar døyr ut», påpeikar innsendaren. Likevel bryr ikkje folk seg.
KVA MED DEI SOM KJEM ETTER OSS? «Skogar brenn ned, jord tørkar ut, elvar fløymer over og artar døyr ut», påpeikar innsendaren. Likevel bryr ikkje folk seg. FOTO: Illustrasjon Scanstockphoto.com

Debatt:

-Eg føder ikkje eit einaste barnebarn inn i denne verda før de byrjar å bry dåke

«Vi holder pusten». «Rødt farevarsel». «Det er en veldig alvorlig situasjon». «Har satt krisestab».

Ekspertane åtvarar, og folk pakkar villig ned trampolinene sine, sikrar kjellaren sin, ladar powerbanken og planlegg for heimekontor. Fordi det er ein storm på veg.

Kvifor i all verda klarar me ikkje å få folk til å bry seg om klimakrisa på same måte? Farevarsla er eldraude og ekspertane ropar så høgt dei berre kan, men kor er krisestaben og den folkelege mobiliseringa?

Skogar brenn ned, jord tørkar ut, elvar fløymer over og artar døyr ut. Det finst snart ikkje normalvêr lenger, berre ekstremvêr, og matproduksjonen kjem til å bli vanskeleg mange stader – og umogleg andre stader. Folk misser heimane sine og jobbane sine, og millionar av menneske kjem til å bli tvungne på flukt. Presset på landa som framleis er nokolunde stabile og levelege kjem til å bli enormt. Tolmodet, tilliten og demokratiet kjem til å bli sett på prøve. Og så vidare og så vidare og så vidare.

Så ja – me held pusten.

For kvifor høyrer ikkje folk etter når ekspertane åtvarar? Kvifor gjer me ikkje som dei ber oss om? Og kor er solidariteten med alle dei som allereie er, og kjem til å bli, råka? Eg veit ikkje kva som er skumlast og vondast. Er det forskarane sine spådommar og framskrivingar, eller er det å leva i eit land der så mange vel å drita i dei rundt oss og dei etter oss, trass i tiår med åtvaringar og oppfordringar?

Nyleg skreiv NRK at apatien og mistilliten hos unge aukar, og at «klimaengasjementet» er blitt mindre. Kva trudde de? At me «engasjerte oss» fordi det var kjekt? At millionar tok til gatene og la om livsstilen sin fordi dei ikkje hadde noko betre å bruka tida si på? At ungdommar skriv kronikkar, skulkar skulen og sperrar motorvegar fordi dei ønskjer seg ein klapp på skuldra? At me hadde lege vakne og skrive teite hjartesukk på Facebook dersom me sov godt om natta?

Vel, beklagar å måtta seia det, men me har aldri vore «engasjerte». Me er redde og triste og sinte.

Det kjennest som eit hån når de seier at «håpet ligg i ungdommen», og samstundes gjer det så vanskeleg for oss å ha noko å håpa på

Men no er det altså mange unge som føler at det ikkje er nokon vits i å prøva lenger, og som sluttar å lesa nyheiter fordi det gjer vondt. Som sluttar å demonstrera fordi dei same slagorda er blitt ropte i fleire tiår utan at det er blitt gjort noko nemneverdig. Som sit heime og lurar på kva dei skal leva av og for når ingenting er som før. Som drit i å vera flinke og fornuftige fordi det kjennest meiningslaust. «Verden går under om 50 år uansett», som ein 19-åring svara Aftenposten i ein reportasje om kor skadeleg unge si festrøyking er (takk for omtanken, Aftenposten, men sigg hamnar godt ned på lista over bekymringar, eit par hakk bak for eksempel ferskvasskrigar, flyktningstraumar og høgreekstre-
mistar på frammarsj).

Det er ufatteleg at ikkje fleire vaksne, opplyste og priviligerte nordmenn skjerpar seg. Dei
aller, aller fleste klarar å forstå at me ikkje kan halda fram som før, og at klimaløysingar inneber at ein må minska forbruket sitt drastisk. Det nyttar ikkje berre å leggja ansvaret på politikarane eller å skulda på næringslivet. Politikarar må føra politikken veljarane vil ha, og bedrifter produserer varene forbrukarar vil kjøpa. Og så lenge folk protesterer mot endringar og tviheld på overforbruket sitt, kjem politikarar og maktpersonar til å gjera det same.

Det kjennest som eit hån når de seier at «håpet ligg i ungdommen», og samstundes gjer det så vanskeleg for oss å ha noko å håpa på. Alle dei vanskelege vala og kutta de ikkje orkar å ta, blir me nøydde til å ta. Me orkar ikkje å bera håpet dykkar i tillegg.

Eg fattar ikkje kva me kan seia eller gjera for at fleire skal endra kurs. Utallege vitskaps-
artiklar, demonstrasjonar, oppfordringar og hjartesukk har tydelegvis ikkje gjort inntrykk nok. I nokre små, radikale grupperingar blir det no kviskra om å bruka vald, truslar og sabotasje for å få folk til å høyra etter. Eg forstår fortvilinga deira, men fordømmer idèane. Men andre og meir stillteiande reaksjonar og protestar tvingar seg også fram frå byllen av sinne og redsel: Eg og mange med meg føder ikkje eit einaste barnebarn eller ein einaste framtidig helsearbeidar inn i denne verda før de byrjar å bry dåke også om vår alderdom.

———–

I samband med uvêret «Hans» la samningen Ida Johanne Aadland (24) dette innlegget ut på Facebook-veggen sin. Det har seinare vorte publisert mange stader, mellom anna hos magasinet ALTSÅ, i Natur og ungdom sitt magasin Putsj og på Framtida.no.
Me har spurt om å få dela det med Samningen sine lesarar, og det har me fått lov til.
Red.