BØR ERSTATTAST: Innsendaren meiner at ungdomsskulen på Tysse er moden for utskifting.
BØR ERSTATTAST: Innsendaren meiner at ungdomsskulen på Tysse er moden for utskifting. FOTO: Arkiv

Debatt:

Bygg ny skule før hall

Samnanger er ein kommune ein verkeleg kan trivast i. Det å kunne bu tett på naturen og samtidig ikkje langt unna ein by, gjev mange moglegheiter. Terrenget i kommunen er samtidig ei utfordring, og då gjerne med tanke på kor ein skal plassere bygningar.

Uansett plassering av nye kommunale bygg, bør ein sjå på tilstanden til dei offentlege bygga som allereie er i Samnanger. Sjølv om vedlikehald av bygningar og planlegging av nybygg ligg under ulike budsjett, er det ein samanheng mellom desse to. Eg tenkjer spesielt på ungdomsskulen, som ikkje lenger kan haldast ved like ved hjelp av reparasjonar. Det kjem til eit punkt der ein lyt innsjå at eit bygg vert for kostbart å restaurere.

Før ein i heile teke tenkjer på fleirbrukshall, bør ein ta ei grundig evaluering av tilstanden til dei bygningane barn og ungdom oppheld seg mest i utanom heimane, nemleg barnehagane og skulane. Ein bør sørgje for at dei offentlege bygningane ein har i dag er godt vedlikehaldne, slik at dei er innanfor reglement for HMS (både tryggleik og inneklima). Dette gjeld til dømes betre rømningsvegar og moglegheit for lufting (vindauge som kan opnast i alle klasserom), gode ventilasjonsanlegg, samt lydisolerande plater i opphaldsrom med mykje støy og akustikk (deriblant gymsalen på ungdomsskulen). I tillegg er det ønskeleg at dei offentlege bygga ser trivelege ut for dei som er der til dagleg, og for besøkjande.

Uansett plassering av nye kommunale bygg, bør ein sjå på tilstanden til dei offentlege bygga som allereie er i Samnanger.

For å seie det med klare ord: Ein kan godt planlegge fleirbrukshall på lengre sikt, men i fyrste rekkje må ein prioritere ny skule. Det er grenser for kor lenge ein kan fikse på eit bygg. Eit anna spørsmål er om det eigentleg er behov for ein stor fleirbrukshall i Samnanger? Fleire har ymta frampå om at ein idrettshall kanskje er like greitt.

Plassering av framtidige bygg bør ein tenkje nøye igjennom. Sidan barneskulen ligg i passe gåavstand til idrettsplassen i Hagabotnane, med flott ny sykkel- og gangveg, hadde det kanskje vore fint å sentralisere skulane og idrettshall i dette området. Vegen frå Frøland er vel mogleg å utvide, slik at bussar kjem opp? På lengre sikt kunne ein vurdert andre strekningar til Hagabotnane, som då sikkert vert meir kostbart. Ei slik løysing ville føre til at elevane får vere i eit område med kort veg til turstiar, vatn og sjø, samt skiløyper.

Det er ikkje gunstig å leggje ein fleirbrukshall på ein ny plass, langt frå skulane, og då på ein næringsplass i nærleiken av ein relativt belasta trafikkveg. Det er absolutt positivt med noko aktivitet anna enn næringsverksemd på Bjørkheim, slik som badeplassen, men eg trur ikkje det eignar seg som samlingsplass og «hengeplass» for mange barn og unge. Kanskje er det betre å ta omsyn til at dei fleste barnefamiliane bur i tilknyting til Lønnebakken, Steinsland og Haga? Det er fint om offentlege bygg som skal nyttast av barn og unge ligg slik til at flest mogleg kan gå eller sykle til desse, og då gjerne på vegar med låg fartsgrense og lite trafikk.

Det er ikkje gunstig å leggje ein fleirbrukshall på ein ny plass, langt frå skulane.

Når det gjeld framtida, bør kommunen i stor grad leggje til rette for tomter til bustader. Folketalet går ned. Det kan vere fornuftig, i staden for å tenkje lågtliggjande område, å tenkje meir i høgda. Burde kommunen kjøpt meir skog til utbyggingsareal? Når eg ser all skogen i Samnanger, minner det meg om at Bærum, som no er ein svært attraktiv kommune, ein gong bestod av mykje skog. Her ligg det mange moglegheiter i det området vi bur i, både til å samle fleire offentlege bygg på ein plass, og til å leggje til rette for bustadområde. Ved å sentrere næringsaktivitet rundt Bjørkheim og heller leggje skule, samt idrettshall (på sikt) i Hagabotnane, får ein spreidd aktivitet over eit større geografisk område. Det gjer det enklare å etablere attraktive bustadområde fleire stader i kommunen.

Mykje kan planleggjast fram i tid, men akkurat no bør ein kanskje sjå på det som allereie er bygd. Det er diverre slik, at tilstanden til nokre av bygningane kommunen har ansvar for, ikkje gjev inntrykk av stabil økonomi, snarare tvert imot. Det betyr ikkje at dei som sit med makta no ikkje har gjort ein god jobb med å stabilisere økonomien, men at det kanskje burde visast meir igjen i bygningane kommunen har ansvar for. I alle fall før ein planlegg ein ny hall.