STORBRANN: Store mannskapsstyrkar frå både Samnanger og nabokommunane var i sving for å sløkkja brannen i Rolvsvåg i juni. (
STORBRANN: Store mannskapsstyrkar frå både Samnanger og nabokommunane var i sving for å sløkkja brannen i Rolvsvåg i juni. ( FOTO: Arkiv

Innfører ekstraordinært forbod mot bruk av eld utandørs

I kommunane Bergen, Osterøy, Vaksdal og Samnanger er det frå og med i dag, fredag 16. juni, innført eit ekstraordinært forbod mot bruk av eld utandørs. Forbodet gjeld til og med 30. juni.

 

Det er ikkje lov å tenna eld eller grilla i offentleg tilgjengelege parkar og friluftsområde, på tilrettelagde badeplassar eller på kommunane sine tilrettelagde bål- og grillplassar. Forbodet gjeld òg sankthansbål, opplyser Samnanger kommune på heimesidene sine.

Frå før av gjeld det generelle bålforbodet i eller i nærleiken av skog og anna utmark i perioden 15. april til 15. september. Både det generelle og det ekstraordinære forbodet inneber alle typar grillar, stormkjøkken, bål, eingongsgrillar og bålpanner for å nemna noko.

Svært stor brannfare
Bakgrunnen for innføring av den lokale forskrifta er den svært store brannfaren i terrenget i Vestland fylke. Det fine vêret har ført til at det er ekstremt tørt i fleire område i regionen, til liks med store delar av Sør-Noreg elles.

– Den siste veka har brannvesenet rykt ut til ei rekkje gras- og lyngbrannar i Vestland. Så seint som onsdag 14. juni hadde me ein krevjande brann i terrenget i Samnanger kommune, og denne viser tydeleg kor kritisk situasjonen er no. Derfor ser me oss nøydde til å innføra strengare restriksjonar, kommenterer brannsjef Janicke Larsen på kommunen side nettsider.

Kan verta oppheva
Dersom brannfaren vert vesentleg redusert før 30. juni, vil det vurderast å oppheva forskrifta tidlegare.