Tradisjonen tru var det både talar og nedlegging av kransar ved bautaen over dei som fall i kampane ved Fossen Bratte under 2. verdskrigen. Både representantar frå heimevernet og Samnanger kommune heldt minnetalar. Også elevar frå Norheimsund bidrog med innslag og blomar.
Det var Arne Soldal, Lars Vangdal og Sjur Mo som omkom i kamphandlingane ved Fossen Bratte under krigen. Dei vert minna og heidra på nasjonaldagen kvart år
Samningen kjem tilbake med fleire bilete frå 17. mai-feiringa utover dagen.