ØNSKJER DEBATT: FAU-representantane Øyvind Østerås, Hege Steinsland-Hauge (i midten) og Marta Fossdal ønskjer å redusera avstanden mellom det politikarane trur dei veit og det som er realiteten.
ØNSKJER DEBATT: FAU-representantane Øyvind Østerås, Hege Steinsland-Hauge (i midten) og Marta Fossdal ønskjer å redusera avstanden mellom det politikarane trur dei veit og det som er realiteten. FOTO: Hallvard Tysse

Fryktar at politikarane gjer vedtak på sviktande grunnlag

– Me ønskjer sterkt ein betre dialog mellom foreldra, dei som jobbar i oppvekstsektoren og dei som styrer. Inntrykket vårt er at politikarane ikkje alltid kjenner konsekvensane av vedtaka dei gjer.

Det seier FAU-leiarane på barneskulen, ungdomsskulen og i Dråpeslottet barnehage. Saman med Fagforbundet og Utdanningsforbundet inviterer FAU til oppvekstdebatt komande tysdag. Der møter alle dei politiske partia som stiller til val i haust.

For stor avstand
– Skal folk flytta til Samnanger, må kommunen satsa på innhald og kvalitet i barnehagar og skular, meiner Øyvind Østerås, Hege Steinsland-Hauge og Marta Fossdal.

Dei tre synest avstanden mellom tilsette, foreldre og politisk nivå har vorte for stor etter at oppvekstutvalet vart lagt ned.

– Borna si utvikling er så viktig, og sektoren så stor, at det er merkeleg å ikkje ha eit politisk utval som har ansvar for dette området, seier Østerås. Han ser gjerne at utvalet vert oppretta att.

– Men det vil hjelpa å ha eit oppvekstseminar ein gong i året, der politikarane vert oppdaterte
på endringar og utfordringar som skular og barnehagar må handtera.

Fakta eller synsing?
Hege Steinsland-Hauge supplerer: – Det me saknar er at politikarane baserer vedtaka sine på fakta, og at det er gode, opne prosessar rundt ressursfordelinga.

Som døme på saker ho har reagert på nemner ho debatten rundt varm lunsj på ungdomsskulen.

– For foreldra er det mykje viktigare at skulen har eit godt fagtilbod og læringsmiljø enn at det skal serverast varm mat, seier FAU-leiaren.

Ho peikar særleg på ordninga med arbeidslivsfag, som ho meiner er eit godt supplement til teorifaga.

– Dette tilbodet kan fort stå i fare dersom skulen må prioritera innanfor stramme rammer, påpeikar ho.

Å samanlikna oss med andre kommunar i staden for å ta utgangspunkt i dei tilhøva me har her lokalt, vert feil.

Vert usikre
FAU og fagforeiningane meiner at politikarane i større grad bør driva langsiktig planlegging.

– Å ha eit felles mål som alle kan arbeida mot, hadde vore kjekt. No veit me ikkje kvar politikarane vil. Det sprikar i alle retningar, og det gjer både foreldre og tilsette usikre, meiner dei tre.

– Ta til dømes barnehagane. Skal dei slåast saman eller halda fram kvar for seg? Mange spør om ikkje kommunen ønskjer å få barnefamiliar til Samnanger. Eg meiner det er viktig å tenkja langt fram. Svingingar i barnetalet vil det alltid vera, seier Marta Fossdal i FAU ved Dråpeslottet barnehage.

Langsiktig mål
Idrettshall, fleirbrukshall og 1-10-skule er også emne som stadig dukkar opp att i debatten.

– Det vil vera fleire fordelar med ein felles skule, ikkje minst å få samla ressursane og sikra eit godt fagmiljø. Ein skule som har gode fasilitetar og er attraktiv for både tilsette, foreldre og tilflyttarar, er eit langsiktig mål me gjerne stiller oss bak, seier Øyvind Østerås.

Har spart millionar
Han synest det er provoserande at det framleis kjem påstandar om at skuledrifta i Samnanger er dyr, sjølv om barneskulen i 2021 kutta stillingar for 3,5 millionar kroner.

– Å samanlikna oss med andre kommunar i staden for å ta utgangspunkt i dei tilhøva me har her lokalt, vert feil. Ein stor kommune kan utnytta ressursane på ein heilt annan måte enn ein liten. I Samnanger kan elevtalet på enkelte trinn vera slik at det akkurat utløyser ekstra lærarressursar. Det påverkar utgiftene per elev, men går ikkje an å styra, understrekar FAU-leiaren.

Ope for alle
– Me ønskjer å redusera avstanden mellom det politikarane trur dei veit, og det som er realiteten, seier Hege Steinsland-Hauge.

Dette håpar foreldrerepresentantane og fagforeiningane at det går an å få til. Men dei er spente på korleis dei politiske partia sjølve ser på situasjonen, og reknar med at det vil koma fram under paneldebatten på barneskulen 30. mai.

– Det er eit ope møte, så me håpar at alle med interesse for oppvekstfeltet vil koma og ha med seg gode spørsmål til politikarane våre, seier Steinsland-Hauge.