TOMTA: Her ved Grunnavågen på Bjørkheim kan fleirbrukshallen verta reist. Kommunen arbeider no med å få kjøpa bygget og tomta til høgre på biletet. Bak dette ligg Spar-butikken.
TOMTA: Her ved Grunnavågen på Bjørkheim kan fleirbrukshallen verta reist. Kommunen arbeider no med å få kjøpa bygget og tomta til høgre på biletet. Bak dette ligg Spar-butikken. FOTO: Hallvard Tysse

Meiner fleirbrukshallen bør liggja på Bjørkheim

Til kommunestyremøtet i dag føreslår rådmannen at den planlagde fleirbrukshallen bør plasserast ved Grunnavågen på Bjørkheim. Prisen er kalkulert til 118 millionar kroner, ein auke på 24 prosent frå sist prosjektkostnaden vart vedteken.

Styringsgruppa for hallen har den siste tida vurdert fleire tomtealternativ. Frå før er Lauskar
peika ut som den beste staden, med Haukanesmarka som nummer to. No har også Bjørkheim og «Reistadpøyla» ved grendahuset vore under lupa. I tillegg har ein rein idrettshall i Hagabotnane vore oppe til ny vurdering.

Rådmannen er klar i si tilråding. Han meiner at politikarane bør endra tidlegare plasseringsvedtak og ha Lauskar som reserve.

-Kan gje positiv utvikling
Rådmann Ove Sæbø meiner det har ei rekkje fordelar å byggja fleirbrukshallen på Bjørkheim: Det er sentralt, gjev lett tilkomst for både unge og eldre – og kan føra til positiv utvikling for Bjørkheim som sentrumsområde. «I eit samfunnsutviklingsperspektiv kor det er ynskjeleg at Samnanger skal vere ein attraktiv kommune å både bu og busetje seg i, vil ein fleirbrukshall plassert på Bjørkheim vere eit sentralt bidrag», skriv han i saksutgreiinga.

Prosessplanen som ABO Plan & Arkitektur har utarbeidd, viser at den økonomiske risikoen samla sett er større ved dei andre alternativa, mellom anna som følgje av vanskelege grunntilhøve og utfordrande tilkomst. Fleire av dei vil heller ikkje ha den samfunnseffekten som kommunen ønskjer å få ut av prosjektet, som til dømes å vera ein sosial møteplass for folk i alle aldrar.

KJEM MED NYTT FORSLAG: Rådmann Ove Sæbø meiner det er ei rekkje fordelar med å plassera fleirbrukshallen på Bjørkheim. Han ber no kommunestyret om å få arbeida vidare med dette som hovudalternativ. FOTO: Arkiv

Ligg i planen
Tomta som rådmannen og styringsgruppa no vurderer som mest aktuell, ligg ved Grunnavågen aust for Bjørkheim senter. På delar av arealet står det i dag eit stort garasjebygg. Kommunen har innleia kontakt med eigaren for om mogeleg å få overta eigedomen. Men for å få plass til ein fleirbrukshall må truleg delar av vågen fyllast ut.

– Korleis er sjansane for å få det til? Reglane for å byggja i strandsona er svært strenge?

– Utfylling i vågen ligg inne i gjeldande plan for Bjørkheim. Det er regulert eit stort bygg på tomta, så dersom kommunestyret no går inn for at fleirbrukshallen skal liggja her, må det vedtakast ei justering i revidert områdeplan, seier kommunalsjef for samfunnsutvikling, Hilde-Lill Våge.

– Naturutvalet har kome med signal til planprosessen om at kollen mot parken bør skjermast, og det kan me truleg få til ved å trekkja hallen nærare fylkesvegen. Då kan også behovet for utfylling i sjøen verta mindre enn det som no ligg inne, seier Våge.

– Korleis skal parkeringsbehovet løysast?

– Det finst normer for kor mange biloppstillingsplassar det skal vera i tilknyting til både forretningar og andre bygg. Om det vert parkeringsareal under eller oppå ein hall, eller berre overflateparkering, må me koma tilbake til i detaljarbeidet, svarar Hilde-Lill Våge

Usikker kostnad
Prisen på ein fleirbrukshall er framleis svært usikker. Kostnadsveksten i byggjebransjen var på sju prosent frå februar i fjor til februar i år, i følgje Statistisk Sentralbyrå (SSB). I dokumentet som ABO Plan & Arkitektur har utarbeidd til kommunestyremøtet er komande prisstigning sett til 2,5 %. Byggjestarten er stipulert til første kvartal 2024 og det er rekna med 18 månaders byggjetid. Prisregulering i byggjeperioden er ikkje inkludert. Grunnkjøp er heller ikkje med i kalkylen.

Samningen har spurt rådmann Ove Sæbø om kostnadsoverslaget på 118 millionar kroner er realistisk.

– Dette er det beste anslaget me har per i dag. Me har no gått lenger inn i dei ulike plasseringsalternativa og rekna på pris. Men dét er ingen garanti for at dette vert den endelege summen. Hallen kan verta både rimelegare og dyrare, svarar han.

Høge årlege utgifter
I følgje saksdokumenta til kommunestyret vil ein fleirbrukshall til denne prisen føra til at Samnanger får 9,5 millionar kroner i nye årlege utgifter. Rundt seks millionar går til renter og avdrag, medan 3,5 millionar skal dekka straum, reinhald, drift og vedlikehaldskostnader.

– Vil kommuneøkonomien tola ein slik utgiftsvekst?

– Dersom innbyggjartalet og inntektene går ned, kan ein slik auke verta utfordrande. Men får Samnanger ei positiv utvikling, slik me arbeider for, er biletet annleis. Ein fleirbrukshall som kan skapa ny aktivitet, vil i seg sjølv kunna vera eit viktig element her. Dette er det opp til kommunestyret å vurdera. Det er dei som avgjer om hallen skal byggjast eller ikkje, seier Ove Sæbø og legg til:

– Samnanger kommune er dyr i drift. Skal me ha rom for investering og utvikling, må me ta ned kostnadane. Det jobbar me med.

Avvist i 2013
Også for ti år sidan vart det vurdert å setja av areal til ein fleirbrukshall på Bjørkheim, men den gongen sa kommunestyret nei til at idrettsformål skulle vera ein del av områdeplanen. Vedtaket vart gjort med 11 mot 9 røyster.

-Målet er å skapa eit aktivitetshus for alle

Det me skal prøva å få til er å kombinera fysisk aktivitet og sosiale møteplassar i eit folkehelseperspektiv, seier arkitekt Tord Bakke.

Han er ein av dei tilsette hos 3RW arkitekter som skal arbeida med fleirbrukshallen i Samnanger på oppdrag frå Vestland fylkeskommune. Etter at Samnanger kom med i prosjektet «Nyskapande
aktivitetsanlegg», der fylket bidreg med arkitekthjelp, har det vorte større fokus på kva ein moderne fleirbrukshall kan vera.

ARKITEKTHJELP: Gjennom prosjektet «Nyskapande aktivitetsanlegg» gjev Vestland fylkeskommune arkitekthjelp til arbeidet med fleirbrukshallen i Samnanger. Her er prosjektleiar Ola Klyve Dalland (t.v.) frå ABO saman med Tord Bakke og Mathilde Vindenes frå «3RW arkitekter» for å sjå på den aktuelle tomta på Lauskar, som rådmannen no ønskjer å ha som 2. prioritet etter Bjørkheim. FOTO: Hallvard Tysse

Sosial arena
– Me ser på dette som eit tettstadutviklingsprosjekt, der det er like viktig å skapa ein sosial arena som ein hall for idrett. På bakgrunn av dette har me hatt møte med aktuelle brukargrupper for å høyra kva dei saknar.

Tord Bakke meiner det er viktig å tenkja «utanfor boksen» for å få meir ut av kvar krone kommunen løyver til bygget.

– Dei som driv organisert idrett skal sjølvsagt kunna bruka ein slik hall, men også dei fleste andre bør ha nytte av prosjektet, seier han.

Trening og matlaging
– Kva har kome fram i dialogen de har hatt med unge og vaksne?

– Me har fått mange forslag til kva bygget bør romma, mellom anna plass for ballidrettar, styrketrening, squash, tennis, minigolf, bowling og e-sport, men ungdomane ønskjer også ein stad der dei kan høyra på musikk, laga mat, spela spel, driva kunstaktivitetar og liknande, fortel Tord Bakke.

Også kulturen skal ha plass i hallen – med øvings- og konsertfasilitetar.

– No arbeider me med å fordøya inntrykka, sortera og få oversikt. Og så må me sjå kva det er mogeleg å få til, seier Bakke.

– Har uvissa rundt plasseringa skapt vanskar for arbeidet?

– I utgangspunktet ikkje, men me justerer framdrifta og ventar med hovudarbeidet til det føreligg ei endeleg avklaring, slik at me kan tilpassa bygget til terrenget. Målet er framleis at me skal ha klar ein moglegheitsstudie til sommaren.

Legg vekt på identitet
Selskapet 3RW arkitekter AS har arbeidd med fleire prosjekt på oppdrag frå fylkeskommunen. Mellom anna i Hyllestad sentrum, der oppgåva var å laga eit aktivitetsanlegg ute.

– I Samnanger skal det meste skje innomhus, men me vil sjølvsagt ha eit blikk på utearealet også, fortel Tord Bakke, som primært arbeider som tettstadutviklar og byplanleggjar.

Han presiserer at selskapet ikkje ser for seg eit signalbygg, men heller noko som byggjer opp under identitet og landskap.

– Oppdraget er å føreslå noko som er nyskapande. Det inneber at me ikkje kan nytta standardløysingar, påpeikar han.

Fylkeskommunen medverkar no med arkitektressursar på fire ulike prosjekt rundt om i Vestland.

– Me skal samarbeida med dei andre for å utvikla idear og tankar rundt oppdraga, slik at me kan læra av kvarandre, seier Tord Bakke.

Ut på anbod
Prosjektleiar for fleirbrukshallen i Samnanger, Ola Klyve Dalland frå ABO, under-
strekar at målet med arkitekthjelpa er å sjå med andre auge på prosjektet enn det som var tenkt i starten.

– Ikkje minst vil det vera viktig å finna fleksible løysingar, slik at ulike areal kan ha fleire funksjonar. Slik får me utnytta plassen best mogeleg, seier han.

Prosjektleiaren håpar å få fleirbrukshallen ut på anbod i løpet av hausten.