SYNFARING: Før behandlinga i kommunestyret var politikarane i Nordbygda og gjorde seg betre kjende med eigedomen.
SYNFARING: Før behandlinga i kommunestyret var politikarane i Nordbygda og gjorde seg betre kjende med eigedomen. FOTO: Hallvard Tysse

Vedtok å selja Erikajorda

Den kommunale eigedomen ved Bygdavegen skal leggjast ut for sal. Det vedtok kommunestyret etter å ha vore på synfaring torsdag førre veke.

Erikajorda består av to ulike areal. Det eine er regulert til landbruk, natur og friluftsliv (LNF). Resten er sett av til bustader i kommuneplanen. Det er særleg dette siste som kan vera interessant for potensielle utbyggjarar.

Som Samningen har skrive tidlegare ønskjer Frp-politikarane Karl Kollbotn og Odd Arne Haga å utvikla området. Dei meiner at arealet kan gje plass til opp mot hundre bustader, og ønskjer å få ein opsjonsavtale med kommunen. Heile Frp-gruppa var inhabil under behandlinga, og vart erstatta av varamedlemmer.

Kva er opsjon?
Fleire av dei folkevalde stilte spørsmål ved kva opsjon inneber, og fekk til svar at avtalen vil redusera den økonomiske risikoen med å utvikla området, fordi ein kan utsetja kjøpet av sjølve arealet til ein ser om det let seg gjera å byggja ut.

Gunn Totland Moss (KrF) meinte kommunen ikkje bør selja heile Erikajorda.

– Etter mitt syn må me halda tilbake noko av eigedomen, slik at me har ein sentral stad å byggja demensbustader, sa ho.

Også Solveig Vassenden (Bl) var oppteken av at Samnanger får stadig fleire eldre:

– Kan kommunen setja krav til utbyggjarane om å etablera omsorgsbustader på Erikajorda, spurde ho.

– Det er nok mogeleg, men vil skapa ein del utfordringar, svara rådmann Ove Sæbø.

-Treng utvikling
Fleire av dei som tok ordet var opptekne av å støtta opp om initiativ som kan føra til vekst i Samnanger.

– Her har me folk som er villige til å satsa eigne midlar på bustadutvikling. Då må me vera positive og seia ja, understreka Knut Høibraaten (Bl).

Øyvind Strømmen (MDG) var også glad for initiativet, men ønskte å ha ei hand på rattet når det gjeld kva som kan byggjast på staden.

– Opsjonsavtalen kan verta lagt fram for kommunestyret, dersom det er slik at de ønskjer å leggja inn politiske føringar, svara rådmannen.

Øyvind Røen (Sp) håpte at matjorda i området vert teken vare på.

– Dessutan har eg sympati for Gunn Totland Moss sine tankar om demensbustader. Det toget treng ikkje vera gått. Det er fullt mogeleg å koma tilbake til dette, meinte han.

Skal seljast
Under avrøystinga vart eit fellesforslag frå Sp og MDG vedteke. Her går det fram at eigedomen skal leggjast ut for sal, og at rådmannen skal utarbeida forslag til opsjonsavtale, som vert lagt fram for godkjenning i kommunestyret.