NETT brannstasjon hove RBG
FOTO: Arkiv

«Tida for å byggja ny brannstasjon i Samnanger er overmoden»

Det er laga fleire rapportar som viser at dagens brannstasjon ikkje tilfredsstiller krav som ein slik bygning skal ha (fysisk plass, rein og skiten sone, vaske- og tørkerom i tråd med gjeldande HMS-krav).

I haust vart det sett ned ei prosjektgruppe for å arbeida med framtidig brannstasjon. Første del av arbeidet vart presentert i kommunestyret førre torsdag.

Prosjektgruppa har vurdert to konkrete stader for plassering: Dagens plassering og Tjoraklumpen i Nesodden. Det er teke utgangspunkt i volumet til brannstasjonen på Fitjar for å vurdera arealbehov, kostnad og for å illustrera volumet for ein framtidig brannstasjon på dei to tomtealternativa. Konklusjonen for begge stader er at dei ikkje er optimale grunna mellom anna plass/areal.

Tida for å byggja ny brannstasjon i Samnanger er overmoden. Tilhøva for dei frivillige brannfolka våre  er rett og slett dårlege. Ein framtidig brannstasjon må ha tilstrekkeleg med utomhusareal. Både trafikksikkerheit og HMS-krav skal vera i tråd med gjeldande reglar. Kostnadskalkyle for ein ny stasjon ligg rundt 30 MNOK, og då er ikkje kostnader til eventuelle kjøp av tomt og anna infrastruktur utanfor byggetomt teke med. Me er på rett veg!

Arbeidet som prosjektgruppa for ny brannstasjon har gjort så langt, er veldig bra. Gruppa har fått mandat til jobba vidare for å få fram forslag til andre tomter som vil vera eigna til plassering av bygget. Krav til responstid til Samnangerheimen og Skottabakken gjer at området er begrensa til «ein stad» mellom Haga og Lauvskar (Bjørkheim).

Dette vert ei stor investering for Samnanger, men brannberedskap er ei lovpålagt teneste me må ha.  Det er enno ein veg å gå, men eg har stor tru på at denne investeringa vert vedteken gjennomført i nær framtid.