Ikkje gløym driftsutgiftene

Me er inne i eit valår. Og eg vil tru at partia er opptekne av programarbeidet for neste periode. Eg vil òg tru at mange har lese innlegget frå Tor Wold i Samningen 2. februar. Takk for innlegget, Tor!

Det er lett å lova tiltak, særleg tiltak der ein får tilskot frå stat og fylkeskommune til sjølve anlegget. Og godt er det! Men frå mi tid som politikar lærde rådmann Høysæter meg i alle fall ein ting: Ikkje gløym driftsutgiftene! Ein idrettshall er sikkert eit pluss for kommunen. Men det vil kosta pengar å driva han.

Me las og i same nr. av Samningen at Vonheim slit. Og eg trur ikkje at det vert lettare for komande politikarar å finna pengar til nødvendige og gode føremål.

Det vil eg berre minna om når me no er inne i eit valår.