Bussen, som hadde med seg skuleelevar, hamna utfor vegen. Fleire glasruter vart knuste i møte med fjellveggen.
Bussen, som hadde med seg skuleelevar, hamna utfor vegen. Fleire glasruter vart knuste i møte med fjellveggen. FOTO: Richard Halland

Buss køyrde av vegen ved Øpstebø

Ein passasjerbuss i rute køyrde av vegen og hamna i fjellveggen ved Øpstebø tysdag ettermiddag. Ingen passasjerar vart alvorleg skadde.

Det var 19 passasjerar i bussen då uhellet skjedde, hovudsakleg elevar frå vidaregåande skule på veg heim. Dei vart frakta til legekontoret på Haga for sjekk etter ulukka. Etter det Samningen får opplyst skal fleire av dei ha fått knust glas over seg.

I følgje bt.no måtte nokre av passasjerane ha hjelp frå brannvesenet til å koma seg ut av bussen.

– Me fekk melding om ulukka ca kl. 15.00 . Alle naudetatane rykte ut med store ressursar, opplyser politiet sin operasjonsleiar Jarle Sjo Myklebust.

Innsatsleiar Jarle Sjo Myklebust. FOTO: Richard Halland

– Det ser ut til at det har gått bra med passasjerane. Ingen er køyrde til sjukehus, seier han.

– Det vil ta litt tid å få bussen fjerna, men bergingsbilar er tilkalla, seier Myklebust ved 16.30-tida.

Det oppstod køar etter ulukka, og vart innført manuell dirigering på staden.

Snøen lava ned i Samnanger tysdag. Det var glatt og sleipt på vegane, noko som kan ha medverka til uhellet.

Køen som oppstod etter ulukka løyste seg raskt opp då det vart innført manuell dirigering. FOTO: Richard Halland