Vil gjerne dela skigleda

Kva trur de Vigleik Tysseland driv med på ein laurdag? Er på dugnad, sjølvsagt.

EIT JA-MENNESKE: Vigleik Tysseland er ikkje den som seier nei om nokon spør han om å bidra. Det har både langrennsgruppa i Samnanger og skiglade vestlendingar generelt fått mykje glede av. FOTO: Marianne A. Reistad

– Eg byrja som trenar i langrennsgruppa på slutten av 1980-talet. Men når det var renn, var det alltid problem å få løypene klare, og så måtte me trenarane fiksa det også. Ja, og så balla det vel berre på seg, fortel Vigleik Tysseland.

Totræna – «ei snørik perle»
Mange tiår og utallege dugnadstimar seinare har Samnanger eit stort og flott vintersportsanlegg som er kjent langt utover kommunen sine grenser. Totræna vinterpark vert karakterisert som «ei snørik perle», og langrennsgruppa får mykje ros for jobben dei gjer der oppe.

Vigleik fortel at planlegginga av anlegget starta tidleg på 1990-talet. I 2016 var det så godt som ferdig. Då hadde langrennsgruppa, i samarbeid med kommunen, også laga ny veg heilt opp, i tillegg til ny og stor parkeringsplass.

Etter 25 år med planlegging og jobbing, kunne det kanskje vore naturleg å lena seg litt tilbake og nyta resultatet, men slik var det ikkje.

– Då anlegget og vegen stod klart i 2016, utvida me løypene og laga til turløype og hoppbakke. Me vert eigentleg aldri heilt ferdige og endrar stadig på løypenettet. No har skikrinsen også nye forslag, mellom anna om å laga til gapahuk og utvida skileik-området. Det er berre planar foreløpig, då, men det vil eventuelt verta langrennsgruppa som må ta på seg jobben. Me må kanskje byggja om stadion litt også, for no er det vanskeleg å arrangera sprint der.

Primus motor
I tillegg til å vera ein sentral person i arbeidet med både vinterparken og den nye vegen, har Vigleik trena opp ein heil generasjon langrennsløparar. Han er framleis aktiv trenar, og ein særdeles sprek utøvar – til dømes sprang han raskare enn mange av dei yngre løparane i klassen sin i årets samnangermeisterskap.

Han er leiar i langrennsgruppa på femtande året, minst. Og han er primus motor når det skal arrangerast renn, løyper skal preppast eller anlegget treng vedlikehald, sommar som vinter.

I 2019 fekk han Samnanger kommune sin kulturpris for innsatsen, og året etter vart han æresmedlem i idrettslaget.

– Då du fekk kulturprisen, stod det i kommentaren frå hovudstyret i idrettslaget at dei «nesten ville påstå at det var du som hadde «vore» langrennsgruppa i Samnanger dei siste 40 åra». Kva tenkjer du om det?

– Det har vore periodar eg har vore åleine om trenarjobben, men no er me fleire både til å driva og trena gruppa. Det er bra. Elles er det mange som gjer ein innsats for langrennsgruppa. Alf Normann Tveit og Einar Dalseid er blant dei som har gjort – og gjer – ein fantastisk jobb i Totræna. Kasserar Åse Waage Tveit gjer ein kjempeinnsats med å styra pengane og heile tida vera «på» og søkja om midlar for oss. Og Kevin Bolstad jobbar veldig bra med heimesidene våre. Han er faktisk så god på det at no har Hordaland skikrins engasjert han til å laga sidene deira også.

Om me ikkje hadde hatt anlegget i Totræna, måtte me reist andre plassar, og me hadde ikkje fått det miljøet me har i Samnanger i dag.

Kjekt å få ting til
– Men det er ikkje til å koma utanom at du er meir på dugnad enn dei fleste. Hadde du tid til noko særleg anna på fritida, før du vart pensjonist?

– He, he. Det har nok vore ein del frivillig arbeid i periodar. Trening er det jo mest av om hausten og vinteren. Og anlegget jobbar me først og fremst på om sommaren. Og så er det arrangement om vinteren. Og løypekøyring … Det brukar eg ein del tid på, og eg er ofte tidleg oppe om morgonen for å køyra løyper når det trengst. Og, laurdagane, dei har ofte gått med til dugnad, ja. Og ein del kveldar. No når eg har gått av med AFP har eg ikkje lov til å tena pengar, så skal eg gjera noko, må det verta frivillig arbeid.

– Synest du det er gøy å vera med på dugnad?

– Ja, det er alltid moro, det. Men det viktigaste er å sjå at me får ting til, og at anlegget vert brukt. Elles har me som sagt vorte fleire om jobben dei siste åra. Og folk vil gjerne vera med på dugnadsarbeid, men når dagen kjem er det ikkje alltid dei har tid likevel.

– Kor mange timar trur du at du brukar på frivillig arbeid, i løpet av ein månad til dømes?

– Det er vanskeleg å svara på, for det varierer veldig. Nokre månader kan eg kanskje bruka tjue timer i snitt, men eg kan også bruka tjue timar i veka. Og så kan det vera periodar der eg ikkje brukar noko tid i det heile.

Krinsmeisterskap  på nyåret
Sist veke var det tolv centimeter snø i Totræna, og langrennsgruppa var oppe og klargjorde løypene.

– Det er ikkje så mykje snø enno, men det går an å gå på ski der no, seier Vigleik.

I januar skal gruppa arrangera krinsmeisterskap i Totræna, og det er dei godt i gang med å førebu no. Det er eit stort renn over to dagar med løparar frå heile krinsen, og Vigleik ser for seg at det kan verta 200-250 startande per dag.

– Me er litt spente på kor mange som vert med, no etter pandemien. Elles har me godt med folk til å arrangera. Det som kan verta ei utfordring er om det vert nok snø.

– Kva er det som motiverer deg til å jobba som frivillig?

– Tja, sei det. Eg likar godt å gå på ski, og har lyst til å få andre med på det. Om me ikkje hadde hatt anlegget i Totræna, måtte me reist andre plassar, og me hadde ikkje fått det miljøet me har i Samnanger i dag. Det er jo veldig sosialt å vera med.

– Ser du for deg eit liv der du ikkje er frivillig?

– Nei, då måtte eg ha vorte sjuk. Det er vel naturleg å trappa ned etter kvart. Men noko må ein jo gjera på når ein er pensjonist.

Frivilligheitas år 2022

Frivilligheit har ikkje berre ein positiv effekt på samfunnet. Forsking viser at menneske som jobbar frivillig både har betre helse og kjenner seg lukkelegare enn andre.

2022 er frivilligheitas år. Det vil me i Samningen markera ved å løfta fram nokre av eldsjelene i kommunen vår. Dei som står på for andre, dag ut og dag inn, berre fordi dei har lyst. Sistemann ut er Vigleik Tysseland.