Handlingsplan som betrar eller forverrar helsa til unge som strevar med kjønnsidentiteten sin?

Lesarinnlegg

Kommunestyret i Samnanger vedtok 15. september ny handlingsplan for førebygging av sjølvskading og sjølvmord i Samnanger kommune. Det er prisverdig og bra at kommunen set den psykiske helsa til innbyggjarane på kartet og kjem med konkrete tiltak for å betre denne.

Eitt av tiltaka i handlingsplanen er at Samnanger kommune skal sørge for kompetanseheving blant tilsette om temaet kjønnsidentitet, samt auke kunnskapen om temaet hos barna. I handlingsplanen har ein vald å omtale menneske med ulike seksuelle legningar og kjønnsidentitetar som éi gruppe (LHBTQIA+). Eg vil her fokusere på handlingsplanen sin omtale av og tiltak for sistnemnde gruppe, altså barn og unge som kjenner på utfordringar knytt til kjønnsidentitet, heretter omtala som kjønnsinkongruens.

Ruben Dyrhovden

Det er vel dokumentert at barn og unge med kjønnsinkongruens har høgare førekomst av psykisk sjukdom og sjølvmord(sforsøk), noko også handlingsplanen utdjupar. I tillegg er mange prega av eit sterkt ubehag som følgjer med å oppleve mangel på samsvar mellom medfødd kjønn og kjønnsidentitet, såkalla kjønnsdysfori. Dette er barn og unge i eksistensiell krise, og nettopp difor er det så viktig at dei blir møtt på ein trygg og kunnskapssbasert måte.

Eg stiller meg difor undrande til at to politiske aktørar er føreslått som samarbeidspartnarar i handlingsplanen; Organisasjonen FRI og Skeiv ungdom. FRI og Skeiv Ungdom legg begge til grunn ei ideologisk forankra forståing av kjønn og kjønnsidentitet. Den klassiske forståinga av kjønn som noko naturgitt, statisk og to-delt blir forkasta til fordel for eit komplekst uttrykk for kjønnsidentitet der det biologiske kjønnet berre er eitt av fleire forhold som verkar inn. Kva kjønn ein person har – som han, ho, begge eller ingen av dei – blir redusert til ei subjektiv oppleving av kjønnsidentitet og kan endre seg i løpet av livet (“Kjønn i bevegelse” av Espen Esther Pirelli Benestad). Denne normbrytande forståinga av kjønn skin sterkt igjennom i organisasjonane sine opplegg for barnehagar og skular; «Rosa kompetanse» og «Restart skole». Det å leggje ei slik forståing av kjønn til grunn i barnehagar og skular vil, slik eg ser det, verke mot si hensikt og kan i staden føre til dårlegare helse for våre barn og unge. Lat meg utdjupe.

Det har det siste tiåret vore ei dramatisk auke i talet på barn og unge som lir av kjønnsinkongruens og kjønnsdysfori både nasjonalt og internasjonalt. Særleg gjeld dette tenåringsjenter. Heilt konkret dobla til dømes talet på barn under 18 år vist til Nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens (NBTK) seg kvart år i perioden 2012-2018 (FHI: Kjønnsinkongruens i Norge – prosjektbeskrivelse.)

Årsaka til denne auken er ikkje klarlagt, men ein hypotese som står sterkt er at noko av det kan forklarast med «smitteeffekt» innan jentegrupper gjennom til dømes sosiale medium og nettforum (Littman et.al 2021). Dette er eit kjent fenomen ved andre psykosomatiske lidingar som rammar særleg jenter i denne aldersgruppa, som til dømes anoreksi. Det som elles kjenneteiknar gruppa med kjønnsdysfori er ein overhyppighet av samtidige psykiske lidingar og nevrokognitive utviklingsforstyrringar, særleg innan autismespekteret (Retningslinjer for kjønnsdysfori i Sverige  og artikkel Aftenposten ). Handlingsplanen til Samnanger kommunen legg til grunn at den auka raten psykiske lidingar hos barn/tenåringar med kjønnsinkongruens/dysfori skuldast at dei blir mobba, diskriminert, utsett for vald etc. (kalla minoritets-stress). Denne føresetnaden manglar vitskapeleg grunnlag. Det er basert på tilgjengeleg kunnskap ikkje mogleg å avgjere om unge med kjønnsinkongruens utviklar psykiske lidingar grunna minoritetsstress knytt til deira kjønnsinkongruens, eller om dei utviklar kjønnsinkongruens på grunn av psykiske lidingar (Les s.8 i denne høyringsuttalen til FHI). To høve som talar imot minoritetsstress hypotesen er at dei psykiske lidingane er vist å ofte debutere før kjønnsinkongruensen/kjønnsdysforien (for autisme, som er medfødt, er dette openbart), og at det ikkje er vist i langtidsstudiar at kjønnsbekreftande behandling betrar den psykiske helsa. (Oppsummert her: Levine et.al, 2021).

FRI sitt utgangspunkt og praksis for korleis møte barn og unge med kjønnsdysfori er grunna i deira ideologiske forståing av kjønn. FRI er tydeleg på at dei støtter behandling som opnar opp for kjønnsmangfald, og at dei «er imot behandlingstilbud som tar sikte på å bekrefte tokjønnsmodellen og rådende normer for kjønn.» Dei ønskjer vidare at norske behandlingstilbod bør basere seg på World Professional Association for Transgender Healths Standard of Care (WPATHs SOC). Den siste utgåva av WPATHs SOC har hausta internasjonal kritikk fordi dei her har fjerna alle råd om aldersgrenser for ulike behandlingsval (både medikamentell og kirurgisk). For det andre er det kome eit nytt kapittel om det ein omtaler som ei eiga kjønnsidentitet: Evnukken, definert som gutar/menn som ønskjer å la seg kastrere eller kirurgisk fjerne sine genitalia (penis og/eller testiklar). Her blir bl.a. The Eunuch Archive omtala, eit kontroversielt nettverk og nettforum for fiktive og sjølvopplevde fortellingar om livet som evnukk eller ønske om å fjerne maskuline trekk og mannlege kjønnsorgan. SOC erkjenner rett nok at noko feilinformasjon finst i nettforumet, men det er likevel påfallande fråvær av kritikk når ein veit at ein stor del av innlegga handlar om seksuelt motivert pornografisk vald/ tortur samt om mindreårige – altså pedofili – (Handy et.al., 2015). Kapittelet om evnukkar viser kor raskt grensar blir flytta når ei normlaus kjønnsforståing blir lagt til grunn.

I praksis leier FRI si kjønnsforståing til ein svært låg terskel for å gripe inn ovanfor barna med tanke på å bekrefte deira opplevde kjønnsidentitet. Dette inkluderer sosialt kjønnsskifte, som å endre namn, pronomen og t.d. klesstil, og det som blir omtala som kjønnsbekreftande behandling. Sistnemnde vil i første omgang innebere pubertetsblokkerande medisinar (typisk 9-12 år) for å hindre utvikling av kjønnskarakteristika svarande til ditt biologiske kjønn. Det neste steget er hormonbehandling for å utvikle kjønnskarakteristika svarande til din nye kjønnsidentitet og kirurgiske inngrep for å fjerne organ som reflekterer ditt biologiske kjønn.

Sosialt kjønnsskifte og kjønnsbekreftande behandling blir av WPATH anbefalt som førstelinjebehandling ved kjønnsdysfori. I FRI sin kommunikasjon blir all intervensjon omtala over ufarleggjort og trekt fram som god og dokumentert behandling for dei som lir av kjønnsdysfori (Espseth et.al., 2021). Barn blir oppfordra til å vere kjønnskreative, og lærarar og føresette blir oppfordra til å støtte og legge til rette for at barn som opplever kjønnsdysfori skal endre sitt sosiale kjønn. Problemet er berre at dokumentasjonen for at låg terskel for sosialt kjønnsskifte og kjønnsmodifiserande behandling faktisk gagnar våre barn og unge på lang sikt er fråverande.

Sjølv om det finst historier om barn og unge som får det betre dersom dei blir oppfordra til, og støtta i, å gjennomgå (sosialt/ medisinsk/ kirurgisk) kjønnsskifte, så gjeld det langt frå alle. Det dukkar òg stadig opp historier frå ungdom og unge vaksne som angrar på si kjønnsbekreftande behandling, og som no må leve med livslange konsekvensar av gjennomgått behandling ( sterilitet, manglande sexlyst, biverknader av underlivsoperasjonar, beinskjørheit m.m.). Eit av hovudproblema med behandling av kjønnsdysfori er nettopp at kunnskapen i stor grad er basert på enkelthistorier, og at ein ikkje har vitskapleg dokumentasjon til å på gruppenivå seie korleis det går med unge som gjennomgår den irreversible, kjønnsbekreftande behandlinga anbefalt av FRI/WPATH. Spesifikt, med tanke på handlingsplanen sitt mål, finst det heller ikkje dokumentasjon for at kjønnsbekreftande behandling reduserer risikoen for sjølvmord eller betrar den psykiske helsa (Oppsummert på s. 8 i denne høyringsuttalen frå FHI samt av Levine et.al, 2021).

FRI/WPATH argumenterer for at kjønnsbekreftande behandling skal ta utgangspunkt i barnet/ungdommen sitt ønskje etter god informasjon, såkalla informert samtykke. Eg vil påstå at dette er eit større ansvar å legge på eit barn/ungdom enn det som er forsvarleg, og at det er stor grunn til å stille spørsmål ved om eit barn eller ungdom kan forstå rekkevidda av eit val om å gjennomgå kjønnsbekreftande behandling. Generelt kan ein og stille spørsmål om informert samtykke i det heile tatt er mogleg gitt den svake evidensen som finst for konsekvensane av behandlinga. Dette er godt problematisert av Levine et.al. i allereie nemnde artikkel.

Forsking viser at ved å vere tilbakehalden og ikkje gripe inn for å bekrefte barn og unge sin opplevde kjønnsidentitet (inkludert sosialt kjønnsskifte) vil eit stort fleirtal (> 85% iflg. Endocrine society) av dei med kjønnsinkongruens med tida falle til ro med ein kjønnsidentitet som samsvarar med det medfødde, biologiske kjønnet. Tidleg sosialt kjønnsskifte, derimot, viser seg å vere ein av dei viktigaste føresetnadene for at den unge seinare går vidare med hormon- og/eller kirurgi-behandling (Olson et.al., 2022). Sjølv om ikkje irreversibelt i seg sjølv, er sosialt kjønnsskifte altså ikkje eit “nøytralt” tiltak, men aukar sjansen for seinare irreversibel behandling som barnet – dersom det fekk tid og støtte – kunne ha unngått.

Pubertetsblokkerande behandling, som av FRI/WPATH blir karakterisert som fullstendig reversibelt, og som blir anbefalt gitt før pubertet (typisk 9-12 år) er også i aukande grad blitt problematisert (Oppsummert her: Levine et.al, 2021). Mellom anna det offentlege engelske helsevesenet NSH karakteriserer ikkje lenger denne behandlinga som fullstendig reversibel fordi ein rett og slett ikkje veit korleis behandling blant anna påverkar utviklinga av hjernen, beinbygninga, den psykiske helsa med meir.

I stadig fleire land har ein no tatt konsekvensen av denne kunnskapen. Sist i England, der det i forslag til nye retningslinjer for det offentlege helsevesenet(NSH, 2022) blir anbefalt å behandle kjønnsdysfori som ein forbigåande fase hos barnet. Vidare blir endring av sosialt kjønn karakterisert som aktiv behandling på lik linje med medikamentell og kirurgisk behandling. Det blir sterkt anbefalt å unngå sosialt kjønnsskifte av prepubertale barn. Anbefalt førstelinjebehandling er psykoterapi og brei utredning med tanke på samtidige medisinske og psykiatriske tilstander. Sverige og Finland har lagt seg på ei liknande linje etter grundige kunnskapsgjennomgangar.

På bakgrunn av ovanståande er det lite tillitsvekkande at to organisasjonar som står for ein radikal kjønnsideologi er dei einaste som spesifikt blir nemnd i ein kommunal handlingsplan med mål om kompetanseheving om kjønn og kjønnsidentitet blant tilsette, og auka kunnskap om temaet blant barn og ungdom. Kvifor er det ikkje føreslått å inkludere faglege og uhilda miljø, som t.d. Folkehelseinstituttet eller Rikshospitalet? Og vil kommunen bruke andre interesseorganisasjonar som står for eit anna syn til å balansere si kompetanseheving – eksempelvis areligiøse og apolitiske organisasjonar som Genid Norge eller Harry Benjamin Ressurssenter? Eller skal det forståast slik at Samnanger kommune no vil legge FRI sin kjønnsideologi til grunn i opplæring av barn og unge i Samnanger? Kva er i så fall dokumentasjonen på at ei normbrytande forståing av kjønn vil førebygge sjølvmord eller betre helsa til barn og unge som strevar med sin kjønnsidentitet?

Som foreldre har me krav på at det barna lærer på skulen skal vere basert på vitskap og ikkje ideologi. Det er sjølvsagt viktig å lære barna at det er ulike oppfatningar av kva kjønn og kjønnsidentitet er, og at ein skal ha aksept for og respektere sine medmenneske uavhengig av meiningar/kjønnsutrykk. Men det er stor forskjell på dette og på å undervise det som ei vedtatt, vitskapleg sanning at «du kan vere eit anna kjønn enn det du er fødd som”. Om Samnanger kommune held fast på at den radikale kjønnsforståinga til FRI skal leggast til grunn i barnehage og skule vil eg oppfordre foreldre til å be om fritak frå denne undervisninga, og med stort frimod sjølv opplyse barna om ei biologisk og vitskapleg forståing av kjønn.