EIT GJEVANDE VERV: Å vera med i Røde Kors Hjelpekorps har vorte ein naturleg del av kvardagen, synest operativ leiar Kristian Stadheim Kulild.
EIT GJEVANDE VERV: Å vera med i Røde Kors Hjelpekorps har vorte ein naturleg del av kvardagen, synest operativ leiar Kristian Stadheim Kulild. FOTO: Marianne A. Reistad

Klar til å rykka ut 365 dagar i året

Det er motiverande å ha moglegheita til å redda liv og kanskje vera den som utgjer den viktige forskjellen for folk, synest Kristian Stadheim Kulild.

Kven er det mest sannsynleg at kjem og reddar deg om du går deg vill eller skadar deg på tur? Jo, det er Røde Kors Hjelpekorps.

Dei har om lag 6000 frivillige rundt om i heile landet som er klare til å rykka ut dag og natt, og over 300 lokale lag. Eit av dei er i Samnanger, og her er operativ leiar Kristian Stadheim Kulild (29) ein sentral person. Han har vore med sidan han var seksten år.

Sosialt og kjekt
– Me var ein god gjeng som begynte samtidig, og eg syntest nok først og fremst at det verka litt spennande. Etter at me hadde hatt obligatorisk førstehjelpskurs, var det Røde Kors-hytta i Eikedalen som var den store aktiviteten i helgane. Der overnatta me frå fredag til søndag, og fekk stå gratis på ski heile dagen. Dei fleste av oss var så unge at me framleis budde heime, så dette var veldig kjekt å få oppleva.   

Elles kunne rolege dagar i Eikedalen verta litt kjedelege for dei unge hjelpekorps-medlemmane, minnest Kristian, og dei gjekk ofte og venta på å verta kalla opp over radioen.

– Eg var blant dei som sette pris på litt action – og det gjer eg framleis. Kanskje er eg litt skrudd der, men eg kan hugsa at eg nærmast håpte på at nokon skulle skada seg, fortel han og ler litt.

– Men det er også sånn at jo fleire skadar ein får prøva seg på, jo meir lærer ein, legg han til.

Varekøyring i Eikedalen
Samnanger Røde Kors Hjelpekorps stiller med mannskap på store tilskipingar, som til dømes konsertar og idrettsarrangement. Dei er badevakter to dagar i veka når bassenget på Tysse er ope på kveldstid. Og dei tek på seg varekøyring for hyttefolk i Eikedalen og Skeiskvanndalen.

– Me har to snøscootarar med hengjar, så det vert nokre køyreoppdrag i løpet av vinteren. Då får me litt inntekt til laget, og så er det greitt å kunna hjelpa folk som treng det. Kjekt å køyra scooter er det òg.

Inntekter sørgjer også ei ivrig basarnemnd for.

– Me har ein trufast gjeng som arrangerer basar kvart år. Dei pengane er heilt avgjerande for at det går rundt økonomisk, fortel Kristian.

Var med i Tokagjelet
Elles er medlemmane i hjelpekorpset sjølvsagt klare for å rykka ut på rednings- og leiteaksjonar døgnet rundt. Kristian fortel at han nyleg fekk melding om ein aksjon klokka halv ti om kvelden. Då var det berre å hiva seg i bilen. Først klokka to om natta var han heime igjen.

– Eg vert litt trøytt dagen etter. Men eg angrar aldri når eg er ute i søk. Då har eg berre fokus på det eg skal gjera, og synest det er veldig spennande.

– De var med på aksjonen i Tokagjelet i fjor haust, der tre personar omkom etter å ha hamna utfor ein foss. Kva gjorde de der?

– Me var ein gjeng frå Samnanger som var med og søkte langs elva på dagtid. I tillegg reiste nokre av oss inn på kvelden for å stå vakt på alle bruene og sjå etter om det låg noko i vatnet. Me såg nokre båtrestar.

For nokre veker sidan deltok medlemmar frå Samnanger på ein aksjon på Kvamskogen der ei dame var forsvunnen – og funnen igjen.

– Då var me fire personar som heldt på nokre timar. Der var det mellom anna ekvipasjar frå Norske redningshunder, og dei er det veldig kjekt å gå saman med. Eg synest generelt det er kjekt å jobba i lag med politi og andre frå redningssentralen. Det er fint å sjå korleis dette samarbeidet fungerer.

Hjelpekorpset i Samnanger samarbeider elles med korpsa i Norheimsund, Fusa og Øystese.

I snøstorm og tjue minus
– Eg las ein plass at aktive hjelpekorps-medlemmar gjerne er sånne som vil ut når andre vil inn?

– Ja, det kan nok vera riktig. Eg har mellom anna vore med på kurs i aksjonsleiing og skred på Finse vinterstid. Det er jo litt artig å krypa inn i ei snøhole i tjue minus og kanskje ein snøstorm, sova der om natta og sjå at ein faktisk fungerer og kan delta aktivt igjen neste dag. Denne typen kurs synest eg er grådig kjekke. Og sjølv om det er sjeldan det går skred her i Samnanger, så har de jo hendt.

Samnanger Røde Kors Hjelpekorps har for tida 15 til 20 godkjende medlemmar, og ein del litt eldre medlemmar som for tida ikkje er godkjende og dermed ikkje kan vera med ut på aksjonar.

– Dette er gjerne folk med lang erfaring som er godt kjende i fjellet og har mykje å bidra med, så me håpar på å få re-godkjent flest mogleg av desse, seier Kristian.

Slit med rekrutteringa
Før fekk hjelpekorpset ei heil røys nye medlemmar kvart år. No har det endra seg, og rekrutteringa dei siste åra har ikkje vore så god.

– Kva trur du skal til for å lokka nye folk til korpset?

– Først og fremst må eg seia at det er veldig kjekt å vera med. Og det er opp til ein sjølv kva ein vil læra eller delta på. Enkelte vil berre vera med i Eikedalen, andre står ikkje på ski i det heile, men synest kanskje det er kjekt å køyra snøscooter. Me har mange roller i korpset, og alle treng ikkje vera med på alt. Det er også veldig sosialt, og særleg kjekt å overnatta på Røde Kors-hytta i Eikedalen.

Kristian peikar også på at alle som byrjar i hjelpekorpset får eit tretti timars grunnkurs i førstehjelp.

– Å kunna førstehjelp er aldri feil. Elles kan jo erfaring frå Røde Kors også vera veldig fint å ha med på CV-en.

Lyst til å vera med?
Hjelpekorpset vil gjerne ha medlemmar i alle aldrar, men oppmodar spesielt ungdom til å melda si interesse.

– Bør ein ha spesielle forkunnskapar for å vera med?

– Ei viss interesse for friluftsliv kan vera  greitt å ha. Og eit ønskje om å hjelpa folk i ulike situasjonar. Men dette er også noko som kan koma etter kvart, seier Kristian og opplyser at dei som har lyst til å sjå kva Samnanger Røde Kors driv med, berre må ta kontakt, så kan dei få vera med i Eikedalen ein laurdag.

Ein naturleg del av livet
– Du har vore med i hjelpekorpset sidan du var veldig ung. No er du i full jobb og far til ei lita jente på to år. Ser du for deg eit liv der du ikkje er frivillig?

– Eg har ikkje så mykje tid som før, men dette vervet har vorte litt naturleg for meg. På sikt håpar eg at det dukkar opp nokon unge og lovande eg kan gje stafettpinnen vidare til;  det er jo eit puslespel å driva eit stort korps, konstaterer Kristian, før han legg til:

– Men eg kan ikkje berre hoppa av. Eg er med fordi eg har lyst. Og det å ha moglegheit til å redda liv, kunna utgjera ein forskjell når det kanskje ikkje var andre som kunne ha hjelpt der og då, det synest eg er fint. Det er også alltid kjekt å oppleva at folk vert inderleg takksame når me hjelper dei.

Frivilligheitas år 2022

Frivilligheit har ikkje berre ein positiv effekt på samfunnet. Forsking viser at menneske som jobbar frivillig både har betre helse og kjenner seg lukkelegare enn andre.

2022 er frivilligheitas år. Det vil me i Samningen markera ved å løfta fram nokre av eldsjelene i kommunen vår. Dei som står på for andre, dag ut og dag inn, berre fordi dei har lyst. Denne gongen har me snakka med Kristian Stadheim Kulild i Samnanger Røde Kors Hjelpekorps.