KVEN ER DEI? Her er eit eksempel på bilete frå tidleg 1900-tal som historielaget ikkje har greidd å finna ut noko om. – Det er fantastisk teknisk, og sikkert fullt av forfedrar til dagens samningar. Men kven er dei? undrar Tor Wold og dei andre i historielaget.
KVEN ER DEI? Her er eit eksempel på bilete frå tidleg 1900-tal som historielaget ikkje har greidd å finna ut noko om. – Det er fantastisk teknisk, og sikkert fullt av forfedrar til dagens samningar. Men kven er dei? undrar Tor Wold og dei andre i historielaget. FOTO: Historielaget sitt arkiv

Historielaget stiller ut gamal fotoskatt

Er du glad i lokalhistorie og gamle bilete, bør du ta turen til biblioteket denne helga.

Korleis såg det ut i Rolvsvåg før bilvegen kom på byrjinga av 1970-talet? Eller i Brendahaugen før det vart byggjefelt? Og kven er dei eigentleg, alle desse menneska på gamle svart-kvitt-fotografi frå ei tid me ikkje veit så mykje om lenger?

Nokre svar vert å finna på Samnanger historielag si fotoutstilling som opnar i biblioteket i dag.

Mest frå Rolvsvåg
– Denne gongen har me hovudfokus på Rolvsvåg, men det vert òg bilete frå mange andre plassar i bygda, seier leiar i laget si fotogruppe, Tor Wold.

Historielaget har samla inn bilete frå heile Samnanger frå dei starta opp i 2000, og har no fleire tusen frå tidleg 1900-tal og framover.

Dei meir sentrale strøka i kommunen, Tysse og Ådland, er godt dokumenterte i samlinga. No ønskte laget å ta for seg utkantane. Planen var Høysæter og Rolvsvåg, men det enda altså med at Høysæter vart sett på vent.

MYKJE ARBEID: Atle Steinsland (t.v.) Anne-Elise Moe og Tor Wold har førebudd fotoutstillinga i lang tid. Med i historielaget si fotogruppe og i arbeidet med utstillinga er også Gisle Gardar Øye og Anne Berit Lid. FOTO: Marianne A. Reistad

Lokalkunnskap
Anne-Elise Moe og Anne Berit Lid, som begge er busette i Rolvsvåg, har vore flittige med å hanka inn bilete frå sin eigen krins. Anne-Elise fortel at dei har halde på med dette over fleire år.

– Men så kom koronaen, og det vart litt stopp, seier ho.   

Det siste halvåret har dei teke opp att arbeidet.

– Me har vore rundt og snakka med folk og fått låna bilete. Mange har veldig mykje, fortel Anne-Elise.

– Dei to har svært god kunnskap om Rolvsvåg, legg Atle Steinsland til.

Tor Wold er samd, og fortel at Anne-Elise og Anne Berit har gjort ein solid innsats i samband med utstillinga. Det har også Gisle Gardar Øye, som har scanna og registrert bileta.

Kven var dei?
– Rundt i samnangerheimane har folk ein fotoskatt som gradvis går tapt, seier Tor Wold.

Mange av bileta historielaget har frå første halvdel av 1900-talet, er det i dag ingen som veit noko om.

– Alle som kjente personane er vekke, og svært få har skrive namn på bileta, legg han til, og viser fram eit heiderleg unntak.

På eit bilete frå 1901, av mellom andre ingeniørane som planla kraftutbygginga i Samnanger, har nokon sirleg notert namnet på kvar og ein av dei staute karane. Slikt er gull verd for ettertida.

– Eg vil oppmoda alle om å snakka med gamle i familien om album og bilete som finst i heimen, og å skriva på kven det dreier seg om, kvar og når biletet er teke, og så vidare. Kva som vil skje med alle dei digitale bileta me tek i dag, er ei heilt anna sak. Det er det vel ingen som har oversikt over, seier Tor Wold.

FRAMSYNT: Den som har hatt hand om dette fotografiet, har tenkt mange år fram i tid og sørgd for å notera namna på alle som var med. Biletet viser karane frå Grønsdalen, Steinhushaugen og Kvittingen, i lag med ingeniørane som målte opp vassdraget i 1901 for å planleggja kraftutbygginga i Samnanger. FOTO: Historielaget sitt arkiv

Widerøe-bileta
På utstillinga får ein sjå bilete av både folk og stader. Historielaget har mellom anna mange av flyfotoa selskapet Widerøe tok på 1950- og 60-talet – og gjekk rundt på dørene til folk og selde.

– Flyfoto er spennande og kan fortelja mykje om den nære historia vår. Endringar skjer gradvis, og me tenkjer ikkje så mykje over det. Men over tid skjer det mykje som gjer at ein knapt kan kjenna igjen eit område, til dømes dei store bustadområda som ikkje var der på 1960-talet, kommenterer Tor Wold.

– Fjellheimsfeltet er eit godt døme på det, legg Atle Steinsland til, og fortel at det var det første byggjefeltet i Samnanger.

Stor interesse
Fotoutstillinga opnar altså i dag, og det er mogleg å besøkja ho heile helga. Då vil folk frå historielaget vera tilgjengelege for dei som kjem innom. Deretter vert utstillinga ståande i eit par veker i det store møterommet på biblioteket.

Tor Wold fortel at førre gong historielaget hadde fotoutstilling, skapte det stor interesse blant samningane. Ein del tok kontakt i etterkant fordi dei hadde fleire bilete laget kunne få ha i samlinga si.

Også denne gongen er det fint om dei som har meir informasjon om bileta som er utstilte, eller har andre bilete, tek kontakt.

Det er også mogleg å kjøpa kopiar av bilete frå historielaget si samling.

SOLBJØRG: Rolvsvågkrinsen var lenge veglaus, men på Solbjørg var det butikk, postkontor, telefon og anløp av rutebåt. FOTO: Historielaget sitt arkiv

ÅDLAND: Slik såg det ut på Ådland før den nye vegen kom. FOTO: Historielaget sitt arkiv